Vårflugene svermar langs elvar og vatn og kan vere svært talrike. Difor er dei viktig føde for fugl og fisk – og høgt verdsatt blant  flugefiskarar.

Ein hann av arten Athripsodes commutatus, i familien Leptoceridae.

Ikkje mange av oss kjenner vårflugene. Dei vaksne dyra gjer nemleg ikkje mykje av seg. Dei har gjerne duse kamuflasjefargar, og sit for det meste skjult i vegetasjonen om dagen. Først i skumringa, når augo våre ikkje så lett ser sånne småkryp, tar dei til vingane.

No kan du bli kjent med vårflugene i tenesta vår Arter på nett. Her finn du utfyllande tekster, illustrative plansjar og flotte bileter som viser alle dei 20 familiane me har i Noreg, samt nokre av dei 202 artane. Ein nøkkel som hjelper deg å fastsetje kva familie vårfluge du har funne er óg på plass.

Gå til nøkkelen for vårflugefamiliane

Sommarfuglanes slektningar

I vegetasjonen langs kanten av sjøar er det ofte mykje vårfluger å finne. Her ved Bogstadvatnet i Oslo lever det mange ulike artar, til dømes Athripsodes commutatusMystacides longicornis og Oxyethira flavicornis som du kan sjå bileter av på denne sida.

For å rydde unna alle misforståingar først som sist – vårflugene er ikkje fluger i det heile tatt, men derimot sommarfuglanes næraste slektningar. Dette er lett å sjå om ein samanliknar dei to gruppene, for dei har ei ganske lik kroppsbygging.

- Vårflugene er på ein måte sommarfuglanes gråbrune, lurvete slektningar, og for oss langt meir anonyme vesen. Men når du først blir kjent med dei er dei ein ordentleg triveleg gjeng.

Dette seier Hallvard Elven ved Naturhistorisk museum på Universitetet i Oslo. Han har saman med Trond Andersen frå Universitetsmuseet i Bergen laga presentasjonane av vårflugene i Arter på nett.

Som sommarfuglane er vårflugene elegante dyr. Dei vaksne har ein langstrakt mjuk kropp og to par lange vengjer som dei legg som eit tak over bakkroppen. Vengjene, som kan ha forseggjorte men vanlegvis duse fargeteikningar, er alltid meir eller mindre dekte av hår. Antennene er fleirledda og oftast lange, og dette bidreg óg til den elegante utsjånaden hos desse insekta.

Det er ein viktig karakter som skil vårflugene frå sommarfuglane. Der vårflugene har hår på vingane har sommarfuglane skjell. Sistnemnde har dessutan oftast ein sugesnabel for å suge nektar av blomane, noko vårflugene ikkje har.

Eit liv knytt til vatn

Ei hoe av arten Mystacides longicornis legg egg på eit strå i vasskanten.

Vårflugene er insekt med såkalla fullstendig forvandling. Det vil seie at dei går gjennom både larve- og puppestadium før dei blir vaksne. Som hos andre insektgrupper med fullstendig forvandling har larvene eit utsjåande og levesett som er særs forskjellig frå det ein finn hos dei vaksne dyra.

- Det er nok langt fleire som har lagt merke til vårflugene sine larver, enn til dei vaksne dyra. Alle artane i Norge har larver som lever i ferskvatn, og dei fins ofte der folk badar. Og kanskje like viktig – larvene er dyr med eit utsjåande og åtferd som gjer at dei lett blir lagt merke til, seier forskar Trond Andersen ved Universitetsmuseet i Bergen.

Han har forska på og kartlagt vårfluger i fleire tiår.

- Dei fleste larvene av vårfluger lagar seg mobile hus av små ting dei finn på botnen, som sandkorn, bitar av gamle sniglehus, barkbitar, strå og pinnar. Fordi kvar art byggjer huset på sin særeigne måte kan ein med litt trening lære seg å skilje mange av artane frå kvarandre ut i frå utsjåande til huset, seier Trond Andersen

Han legg til at huset fungerer som kamuflasje og vern mot predatorar som fisk, amfibier og fugl. Enkelte artar byggjer ekstra lange pinnar inn i husa for at det skal bli mindre fristande for predatorar å prøve å ete dei.

Larvene kan ete plantekost, daude plantedelar, eller dei kan vere rovdyr. Nokre artar lagar fangstnett som fangar opp små dyr eller små næringspartiklar frå vasstraumen, og ein familie har larver utan hus som kravlar omkring under steinar i elver og bekker på jakt etter eit bytte.

Dei vaksne vårflugene er óg knytt til vatn, og dei fleste artane flyg ikkje langt frå vatnet, bekken eller elva der dei blei født. Vaksne vårfluger et i det heile tatt fint lite - litt nektar kanskje - det er alt. Men sjølv er dei ein ettertrakta godbit for fiskar, fordi dei oppheld seg mykje på vassoverflata og på vegetasjonen som stikk opp frå vatnet.

- Nett av di dei er populær mat for fisk er vårflugene brukt som modell for mange sportsfiskefluger. Den første samla oversikta over norske vårfluger blei faktisk publisert i «Stangfiskeren», som er årboka til klubben Oslo Sportsfiskere, avsluttar Trond Andersen.

Eit litt merkeleg namn

Ei hoe av arten Oxyethira flavicornis.

Det er eit lite mysterium korleis vårflugene har fått namnet sitt, for om våren er det ingen vaksne vårfluger å finne. Dei dukkar opp først på forsommaren, og er å finne til langt utpå hausten.

- Det er eit litt merkeleg namn ja. Det ville vært meir dekkande om vårflugene til dømes blei kalla hårfluger, etter dei hårdekte vingane, filosoferer Hallvard Elven

Elven har dei siste åra brukt mykje tid på å finne og ta bileter av dei ulike vårflugene, og har også tatt bileter til dei skjematiske plansjane du no kan sjå i Arter på nett. Han har fleire gode tips til dei som har tenkt seg ut på jakt etter vårfluger:

- Dei er ganske greie å fange om du slår med ein insekthåv i vegetasjonen rundt vatn der dei gøymer seg på dagtid. Etter at det har blitt mørkt kan ei lysfelle også være effektiv, fordi desse nattaktive dyra blir tiltrekt av lys.

Eit siste godt tips:

- Sjekk oppunder gamle steinbruer, for på slike lokalitetar kan det være samla store mengder vårfluger, avsluttar Elven.

Det er ikkje muleg å bestemme kva art vårfluge du har funne utan ei god stereolupe som gjer det muleg å sjå detaljar på kjønnsorgana. Derimot er det nokså lett å fastsetje familien, om du lærer deg nokre anatomiske kjenneteikn og brukar Arter på nett sin nøkkel for identifisering av vårfluger.

Kontaktpersonar

Vårfluger:
Hallvard Elven, Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo
E-post: hallvard.elven@nhm.uio.no
Telefon: 22 85 18 83

Vårfluger:
Trond Andersen, Universitetsmuseet i Bergen, Universitetet i Bergen
E-post: trond.andersen@uib.no
Telefon: 55 58 29 62

Arter på nett:
Åslaug Viken, Artsdatabanken
E-post: aslaug.viken@artsdatabanken.no
Mobil: 918 97735

Forfattarar

Trond Andersen, Universitetsmuseet, Universitetet i Bergen og Hallvard Elven, Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo har skreve faglege tekster og utarbeidd nøkkel for å bestemme vårflugefamiliane. Hallvard Elven har óg bidratt med studiobileter og bileter av vårflugene ute i naturen.

Larve av arten Limnephilus rhombicus. I familien Limnephilidae byggjer larvene rette eller bua hus av sandkorn, plantemateriale eller ei blanding av desse.

Larvene til Lepidostoma hirtum byggjer hus av plantemateriale, men nokre få sandkorn kan av og til vera blanda inn.

Larve av Sericostoma personatum. Familien Sericostomatidae har svakt bua hus av små, flate sandkorn lagt kant i kant sånn at overflata blir heilt glatt.

Larve av Beraeodes minutus. Husa til larvene i familien Beraeidae er smale, bua og laga av sandkorn.

Larvene i familien Rhyacophilidae byggjer ikkje hus, men krabbar nakne rundt på steinar i elv og bekk på jakt etter knottlarver og andre små invertebratar. Biletet viser arten Rhyacophila nubila,

Nokre artar trivs jamvel i ganske strie elver, som her i Hakadalselva i Nittedal, Akershus.

Tjønn, vatn, sjøar, elver, bekkar, sig, dammar og myrpyttar. Vårfluger finn du mest overalt der det er ein vatnforekomst. Her Holmvatnet i Gildeskål, Nordland.