Parkslirekne.

Parkslirekne er ei fleirårig urt med kraftige røter og jordstenglar. Ho vert 1–3 m høg. Som for slekta elles er stenglane opprette og tjukke, og blada er breitt eggforma og langskafta. Blada hos parkslirekne er breie og lêrfaste, ca. 10 cm lange eller lengre, med tverr eller breitt kileforma grunn. Bladplata har ein nokså lang, påsett spiss og er snau under eller berre med låge vorter på nervane. Blomane sit, som hos dei andre artane i slekta, i toppar i bladhjørna, og blomane er hos parkslirekne kvite og sit på granne greiner. Blomane hos artane i slekta har tre ytre blomeblad som er større enn dei indre. Arten blømer svært seint i sesongen, oftast ikkje før slutten av august eller ute i september. Ein kjenner ikkje til at denne arten set frø i Noreg.

Parkslirekne Reynoutria japonica Houtt.
Creative Commons Attribution | Hanne Hegre | FlowerPower | Reidar Elven | Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo
Kart. Utbredelse i Norge.