Artsdatabanken publiserer no fyrste versjon av ein feltrettleiar for kartlegging av naturvariasjon i sjø, etter type- og beskrivelsessystemet Natur i Noreg (NiN).

Ålegras Zostera marina L.

Rettleiaren skal summere opp kunnskapen som trengst for å kartleggje i sjø etter NiN. Den forklarer korleis, og i kva grad den observerte naturvariasjonen bør forenklast under kartlegging.

- Hovudformålet med rettleiaren er å bidra til at resultata av praktisk naturtypekartlegging i sjø blir så gode som mogeleg, og at dei kan samanliknast uansett kven som kartlegg, seier Anne Britt Storeng som jobbar med NiN i Artsdatabanken. 

Ho legg til at NiN-systemet er godt utvikla for terrestrisk kartlegging, men for kartlegging i sjø er det lite utprøvt og utvikla. Vitskapeleg råd for NiN jobbar no med å vidareutvikle NiN-systemet for marint.

- Derfor er det viktig å presisere at dette er ein fyrste-generasjons rettleiar for kartlegging i sjø etter NiN (versjon 2.2.0) på natursystemnivå. Etter kvart som denne rettleiaren blir testa i felt, vil ein hauste erfaringar. Desse vil gi grunnlag for ei vidare utvikling og revidering av rettleiaren, saman med eventuelle nye metodar som blir utvikla, seier Storeng.

Den nye rettleiaren er utvikla av ei faggruppe på oppdrag frå Artsdatabanken. Gruppa har vore leia av Norsk institutt for vassforsking (NIVA) og har bestått av personar frå NIVA, Noregs geologiske undersøking (NGU), Havforskingsinstituttet (Hl) og Naturhistorisk museum (NHM) ved Universitetet i Oslo.

Rettleiar for å kartleggje naturvariasjon i sjø.pdf

 

Kontaktperson:

Anne Britt Storeng
Mobil: 913 20 760
E-post: anne.b.storeng@artsdatabanken.no