I 2018 er sitkagran Picea sitchensis og lutzgran Picea ×lutzii vurderte samla. Datagrunnlaget er rett og slett for usikkert til at artane kan vurderast kvar for seg.

I perioden 8. januar til 12. februar 2018 opna Artsdatabanken for innsyn i dei førebelse vurderingane av den økologiske risikoen til dei framande artane. I løpet av innsynsperioden blei heile 137 innspel gitte på karplantevurderingane. Formålet med innsynet var å gjere ny og relevant kunnskap om artane tilgjengeleg. Med bakgrunn i innspela har Picea sitchensis sitkagran og lutzgran Picea ×lutzii i 2018 fått ei samla vurdering. Følgjande punkt ligg til grunn for denne avgjerda:

Frømateriale med uvisst opphav

I British Columbia i Canada og på Kenai-halvøya i Alaska overlappar sitkagrana si naturlege utbreiing med kvitgran Picea glauca. Her dannar dei to artane fertile hybridar, og artane glir til dels over i kvarandre. Hybriden blir kalla lutzgran Picea ×lutzii. Både sitkagran og lutzgran er brukt i skogbrukssamanheng langs norskekysten. Begge treslaga blei risikovurderte i 2012: sitkagran blei vurdert til svært høg risiko SE og lutzgran til låg risiko LO.

Det har vore ei gjengs oppfatning at sitkagran stort sett har vore planta på Vestlandet, mens lutzgran hovudsakleg har vore planta nordover i landet. Men nyare innsamla prøvemateriale frå sitkagranplantefelt i Møre og Romsdal viser at felt som er oppgitte som sitkagran er lutzgran (innsynskommentar: Øystein Folden). Slike funn blir også referert av Naturvernforbundet i Vesterålen (innsynskommentar). Norges skogeierforbund (innsynskommentar) viser til at fleire av dei registrerte førekomstane av lutzgran i Artskart faktisk er sitkagran. Ei mogeleg årsak til dette er at innsamla frømateriale frå sitkagran i Nord Amerika er eit resultat av pollinering frå kvitgran. Mange av proveniensane som er planta i Noreg, kjem også frå område der lutzgran er vanleg.

Lutzgran blei planta ved Gravdal i Lofoten allereie i 1935 (Kaasen et al. 1993). På den tida var hybriden ukjent og det som blei planta blei kalla ein proveniens av sitkagran. Hybriden Picea ×lutzii blei fyrst beskriven i 1953 (Little 1953).

Det er dermed eit ope spørsmål kor mykje av planta sitkagran rundt om i landet som med tryggleik kan seiast å vere Picea sitchensis.

Taksonomiske utfordringar

Det er også taksonomiske årsaker til å behandle sitkagran og lutzgran samla. Hybriden lutzgran er fertil, og kan krysse tilbake med foreldrearten sitkagran. I Nord-Amerika opptrer tilbakekrysning i ei større hybridsone, der innslaget av gen frå sitkagran varierer frå 16 % i kontinentale strøk til over 90 % i dei meir oseaniske områda (Hamilton & Aitken 2013). Taksonet må derfor seiast å vere uklart avgrensa (Stabbetorp & Aarrestad 2012).

Det er også rapportert om mellomformer i Noreg som er vanskelege å plassere. Det gjeld både materiale frå plantefelt og spesielt frøspreidde individ i naturen (innsynskommentar: Øystein Folden). Dette støttar opp om ei mogeleg tilbakekrysning mellom artane også i Noreg (innsynskommentar: Øystein Folden). Slik tilbakekrysning er ikkje usannsynleg sidan sitkagran og lutzgran ofte kan vere planta i det same området eller til og med i eitt og same felt (innsynskommentarar: Sortland kommune og Sabima; Olsen et al. 2016). Dermed kan krysspollinering og introgresjon skje, noko som gjer bestemming av avkommet vanskeleg.

Det er også svært utfordrande å skilje ungplanter av sitkagran og lutzgran frå kvarandre morfologisk (innsynskommentarar: Landbruksdirektoratet, Sortland kommune, SABIMA, Naturvernforbundet i Vesterålen og Nordnorsk Botanisk forening; Olsen et al. 2016,). Nyare upubliserte DNA-studiar viser også at det kan vere vanskeleg å skilje antatte individ av kvitgran, sitkagran og lutzgran frå kvarande (innsynskommentar: Landbruksdirektoratet). Den einaste sikre metoden er DNA-"fingerprinting" for hybridartar (innsynskommentar: Gisle Skaret, opplysing frå US Forest Service). Andre innsynskommentarar (bl.a. frå Sortland kommune) uttrykkjer likevel at det skal vere mogeleg å skilje artane morfologisk (sjå også Hanssen 2013), men at eit betre datamateriale bør samlast i framtida.

Data av varierande kvalitet

Det har vore ei utfordring at innsamla datamateriale er av varierande kvalitet. Dette skapar problem både i Artsobservasjonar, Artskart og i fagrapportar (innsynskommentarar: Skognæringen Kyst, Sortland kommune, Sabima, Øystein Folden). Dels er det skulda at det er vanskeleg å skilje unge planter av sitkagran og lutzgran, og dels er det skulda at ein ikkje har vore tilstrekkeleg oppmerksame på problematikken. For eksempel har funn på Vestlandet automatisk blitt notert som sitkagran, etter som det ikkje er oppgitt planting av lutzgran i området. Vidare har Lids fora (Lid & Lid 2005) nøkkel til sitkagran, mens lutzgran berre er beskriven kort, noko som også kan bidra til at hybriden går under radaren.

Meir kunnskap er nødvendig

Datamangel og uvisse blir påpeika i eit fleirtal av innsynskommentarane, både på spesifikke problemstillingar som spreiing av lutzgran (innsynskommentar: Skognæringen Kyst) og meir generelt (innsynskommentar: Landbruksdirektoratet).

Uvissa i datagrunnlaget er stor, spesielt rundt frømaterialet som har blitt innført og utplanta under namna sitkagran og lutzgran i Noreg. Moglegheita for (tilbake)krysning mellom nabobeplantningar av ulikt genetisk opphav kompliserer også biletet, og artsbestemminga er ei utfordring. Dette gjeld ikkje minst dataa på spreiing og etablering av dei to artane separat i norsk natur. Kvaliteten på datagrunnlaget er ikkje godt nok til å gjere separate vurderingar – den totale uvissa blir rett og slett for stor. Av den grunnen er sitkagran og lutzgran vurderte samla. Dette understrekar behovet for ein grundig gjennomgang av datagrunnlaget, særleg av dei plantefelta som finst i dag.

Sitkagran/lutzgran er i 2018 vurdert til å medføre svært høg økologisk risiko som følgje av stort invasjonspotensial og stor (med uvisse til middels) økologisk effekt. For detaljert informasjon, sjå risikovurderinga.

Referansar

Hamilton, J.A. og Aitken, S.N. 2013. Genetic and morphological structure of a spruce hybrid (Picea sitchensis × P. glauca) zone along a climatic gradient. American Journal of Botany 100: 1651-1662.

Kaasen N.O., Skaret G., Kaasen T. 1993. Afforestation of Lutz Spruce, Sitka Spruce, and Norway Spruce in the Vesteraalen Islands, Norway. In: Alden J.N., Mastrantonio J.L., Ødum S. (eds) Forest Development in Cold Climates. NATO ASI Series (Series A: Life Sciences) 244.

Lid, J. & Lid, D.T. 2005. Norsk flora. 7. utg. Red.: Reidar Elven. Det Norske Samlaget, Oslo.

Little, E.L 1953. A natural hybrid spruce in Alaska Journal of Forestry 51: 745-747.

Olsen, S.L., Stabbetorp, O., Skarpaas, O., Often, A. & Gajda, H. 2016. Kartlegging av kortdistansespredning av fremmede bartrær. Vrifuru (Pinus contorta) og lutzgran (Picea ×lutzii). - NINA Rapport 1231. 78 s.

Stabbetorp, O. & Aarrestad, P.A. 2012. Sitkagran / Lutzgran Picea sitchensis / Picea ×lutzii Artsdatabankens faktaark 216: 3.

Thompson, R.S., Anderson, K.H. & Bartlein, P.J. 1999. Atlas of relations between climatic parameters and distributions of important trees and shrubs in North America. USGS Professional Paper 1650-A, 1650-B. Washington DC: US Department of the Interior, US Geological Survey.