Huldreblom.

Huldreblomen er som huldra; brått er ho der, og brått er ho borte att. På storparten av stadene der huldreblom er funnen i Noreg, er han berre funnen éin eller nokre få gonger. Det heng saman med at han sjeldan set blomestenglar, og når han gjer det, skal det mykje til at det er folk på staden akkurat då for å sjå og registrere det. Det er i alle fall éin stad der planten blømer årvisst: i Finsåsskogen i NT Snåsa, der Hegre (1998) rapporterer at han er funnen med bløming i 25 av 26 år.

Huldreblom Epipogium aphyllum Sw.
Creative Commons Attribution | Reidar Elven | Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo
Kart. Utbredelse i Norge.