I tidlegare tider sprang villsvinet rundt i lauvskogane langs norskekysten. Men rundt år 1000 døydde villsvinet ut i Noreg, truleg på grunn av jakt, endringar mennesket gjorde av leveområda og hybridisering med tamsvin. Villsvinet var borte – inntil det på 1990 talet igjen dukka opp i grensetraktene mot Sverige. No er arten vurdert til å utgjere høg økologisk risiko i norsk natur.

I arbeidet med å vurdere økologisk risiko av framande artar har Artsdatabanken sett år 1800 som grense bakover i tid. Artar som kom til Noreg før dette tidspunktet blir i hovudsak ikkje behandla som framande artar, og er dermed ikkje risikovurderte. Artar som villsvin, som har levd i Noreg for lenge sidan, for så å bli reintrodusert i moderne tid, blir rekna som å ha komme etter 1800.

Villsvinet sin veg tilbake

I forhistorisk tid var villsvin vanleg i store delar av Skandinavia. Men etter kvart døydde arten ut dei fleste stader. Arkeologiske funn viser likevel at villsvinet fanst i Noreg fram til ca. år 1000. I Sverige overlevde villsvinet fram til slutten av 1600-talet.

Dei siste 100-150 åra har villsvinet vore forsøkt gjeninnført ei rekkje gonger i Noreg og i andre nordiske land. I Sverige har villsvinbestanden etter gjeninnføring auka eksplosivt i tal og utbreiing frå 1970-talet, og dyra er no å finne over nesten halve landet. Etter riksdagsvedtak i 1988 er arten no rekna som ein naturleg del av den svenske faunaen.

På grunn av innvandring frå Sverige har det sidan rundt 1990 vore ein etablert bestand av villsvin i Sør-Noreg, aust for Glomma og opp til sørlege delar av Hedmark. Det er påvist årlege ynglingar i kommunane Aremark og Halden. Villsvinet har potensial til å etablere seg på heile Austlandet, langs kysten av Sørlandet og Vestlandet, samt i Trøndelag.

Høg økologisk risiko

Villsvinet er i 2018 vurdert til kategorien høg risiko HI. Årsaka er at arten spreier seg raskt (stort invasjonspotensial), samtidig som den er vurdert til å ha stor økologisk effekt.

Villsvinet er ein altetar som rotar og grev i bakken etter mat. Arten kan derfor påverke plantesamfunn og jordlevande invertebratar. Det er funne negative effektar på slåtteeng, på vårplanter i varmekjær lauvskog og sannsynlegvis på fleire typar orkidéar. Samtidig er det vist at villsvinet si roting og graving kan vere positivt for enkelte artar.

Det har ofte vore hevda at villsvinet kan overføre parasittar, sjukdomsframkallande organismar og trikinar til artar og husdyr som finst naturleg. Nyare vitskaplege studiar har likevel ikkje klart å slå fast at dette stemmer. Dette er årsaka til at villsvinet i 2018 er vurdert til ein lågare risikokategori enn i 2012, då arten blei plassert i kategorien svært høg risiko SE.

Villsvin Sus scrofa er vidt utbreidd frå Europa, sørover til Nordvest-Afrika og austover til Stillehavskysten, samt store øyer som f. eks. Sumatra og Java.