Du trudde kanskje kystnasjonen Noreg kunne det meste om livet i havet? Det er ikkje tilfelle, og heilt inn i fjøresteinane er det framleis mykje som er ukjent. No har fleire artsprosjekt gått saman for å finkjemme havbotnen etter nye artar.

NTNU har ein biologisk feltstasjon på Sletvik i Agdenes kommune. Her møtest deltakarar frå fire artsprosjekt for å dele kunnskap, innsamla dyr og felthistorier. Samarbeidet mellom prosjekta «Evertebrater på hardbunn», «NorHydro», «PolyPort» og «#Sneglebuss» er unikt i Artsprosjekt-samanheng. Artsprosjektet «Norske leddsnegler» dreg også nytte av den gode stemninga over og under vatn.

Marinbiologar som i det daglege jobbar på forskjellige prosjekt ved universitetsmuséa i Bergen og Trondheim er nøgde med å kunne møtast på Sletvik for å utveksle kunnskap.

Tek med habitatet inn

Nokre gonger må ein ta med seg ein heil stein inn for å finne ut kva artar som lever på den. Det er lett å sjå rurane og sjøanemonane, men på steinen fins óg masse små dyr som er vanskelege å få auge på.

På gamle Sletvik skule møter vi tørrdraktkledde Torkild Bakken og Luis Martell som kjem rett opp frå havet og helsar med fuktige never. Torkild leier prosjektet «#Sneglebuss», mens Luis styrer «NorHydro» som fokuserer på botnlevande hydroider. Bakken viser nøgd fram dagens fangst, ein tjukk og kraftig tare.

 – Dette er draugtare, den har de kanskje ikkje sett før? spør Bakken

Sjølv om taren er imponerande, er det ikkje den forskarane eigentlege er ute etter. Dei leiter etter alle dei små dyra som har taren som levestad. Derfor er det stein, tare og tomme skjel overalt i kjellaren der materialet blir grovsortert.

 – Mange av dyra me studerer er små og vanskelege å få auge på under vatn, og derfor må me ta med heile habitatet deira inn og sjå på det i lupe, seier Bakken.

Små dyr som sit mellom kjemper som rur og blåskjel er lette å oversjå, og desse små, fastsitjande marine dyra veit vi altfor lite om. Bakken trur vi veit meir om dei store dyra som sit fast på boreriggane langt ute på sokkelen, enn dei små som bur i fjøra like ved husa våre.

Samarbeidet på Sletvik

Sjølv om havet ligg like ved er det ikkje innsamling av ferskt materiale som står i fokus på Sletvik feltstasjon denne veka. I løpet av sommaren har dei marine artsprosjekta samla materiale frå Sørlandet i sør til Svalbard i nord. Og i felt har dei ikkje berre teke med seg eksemplar frå artsgruppa dei jobbar med, men også andre dyr dei finn interessante eller også heile steinar fulle av liv. For å utveksle innsamla dyr og kunnskap, og også fordi det er triveleg å artsfastsetje funna saman med andre, har prosjektdeltakarane møtst på Sletvik for å runde av feltsesongen.

Denne veka er dei mange nok marinbiologar samla til at artsidentifiseringa kan gå på samleband. Etter at dyra er sorterte i overordna grupper nede i kjellaren, blir dei vidare sorterte og bestemt til art på laboratoriet. Både garva forskarar og unge, lovande marinbiologar deltek i artsidentifiseringa. Slik blir kunnskapen om livet i havet overført til ein ny generasjon forskarar. Seinare kjem det til å bli tekne prøvar av kvart innsamla individ, og desse blir sendt til DNA-sekvensering. Etter at arbeidet med eit individ er ferdig, blir dei registrerte og lagra hos eit av muséa, som regel i Trondheim eller Bergen.

Muséa trengst!

I kjellaren grovsorterer Torkild Bakken (i midten) og kollegaene det dei hentar opp frå havet. Draugtaren stikk opp frå plastbakken i midten.

Jon Kongsrud, som jobbar i artsprosjektet «Evertebrater på hardbunn», understrekar kor viktig det er at det er muséa som får jobben med å ta vare på innsamla materiale.

 – Det er berre muséa som har plass og kompetanse til å ta vare på det innsamla materialet på ein skikkeleg måte, seier Kongsrud, og legg til:

 – Samtidig har Artsprosjekta vore viktige for å halde aktiviteten i gong hos muséa.

Det er viktig at dei originale individa som blir samla inn blir tekne godt vare på for framtida, og at gode referansesamlingar blir bygde opp på muséa. Slik blir det mogeleg å sjå eventuelle endringar i faunaen over tid. Dette er nyttig både for forsking og forvalting, for eksempel i samband med miljøovervaking.

I dag er miljøovervakinga av blautbotn godt organisert, ettersom oppdrettsanlegg stort sett er lokaliserte over blautbotn. Når det gjeld overvaking av hardbotn påpeikar Bakken at metodikken er dårlegare utvikla og kunnskapen om artsmangfaldet er mangelfull. Han håper at resultata frå dei marine artsprosjekta vil føre til ei betre overvaking av fleire habitat.

Sniglar i frysaren

På laben sit Luis og kikkar i ei stereolupe med eit påmontert kamera. Hydroidane han studerer er vanskelege å ta vare på, og det er derfor viktig å ta bilete av dei mens dei er levande. På dataskjermen peikar han på noko som liknar små, gjennomskinlege trær som sit fast på tangen.

 – Før dei tek steget ut i den store verda som fullvaksne maneter har mange hydroidar eit livsstadium der dei er polyppar som sit fast på berg, skjel, tang og liknande, seier Martell, før han fortset:

 – Den biten der kjem snart til å losne og bli til ei manet.

Maneter, og fleire andre marine dyr, består nesten berre av vatn. Då fungerer det dårleg å leggje dei på sprit, sidan dei krøllar seg saman til ein liten ukjenneleg klump. Når ikkje den klassiske metoden fungerer, må ein ta nye grep. Derfor er det viktig for Luis å dokumentere dyra godt mens dei er i live. Desse bileta blir brukte saman med genetiske data for å utforske artsmangfaldet av polyppdyr.

Katrine Kongshavn, i prosjektet «Evertebrater på hardbunn», har brukt feltsesongen i ein minivan og i campinghytter, spesielt på jakt etter sekkdyr, mosdyr og svamp. Ho har óg jobba med å få fotodokumentert dyra før dei blir fikserte på sprit, slik at ein kan sjå fargeteikningar og andre kjenneteikn som bleiknar etter fiksering. Nakensniglane blir frosne før dei blir fikserte, slik at dei ikkje krøllar seg for mykje saman. No blir denne metoden óg testa ut for bruk på leddsniglar, som skal donerast til artsprosjektet «Norske leddsnegler» – det femte artsprosjektet som blir med i dette undersjøiske samarbeidet.

Pigghudar blir lagde på sprit for oppbevaring på muséa.

Nye artar

Samarbeidet mellom marine artsprosjekt har gjort at kvart prosjekt får større materiale å jobbe med, og frå fleire lokalitetar. Dette aukar sjølvsagt sjansen for å finne nye artar! Marinbiologane på Sletvik er sikre på at dei har funne artar som er nye for Noreg, og sannsynlegvis også nye for vitskapen. Blant anna blei det funne ein nakensnigel i Finnmark som tidlegare berre var kjent aust for grensa mot Russland.

Nokre marine artsprosjekt nærmar seg slutten, andre har så vidt begynt. Det er ingen tvil om at det gir gode resultat å samarbeide på tvers av prosjekta, og kanskje kan framtidige prosjekt etter kvart kople seg på det marine samarbeidt. Dess fleire som kan skilje ørsmå artar frå kvarandre, dess betre er det!