Noreg er eit langstrakt land med stor variasjon. Framande artar kan derfor ha varierande påverknad i naturen ulike stadar i landet. I Framandartslista er det den mest alvorlege risikoen arten kan ha i Noreg som blir presentert.

Arten sin risikokategori i Framandartslista gjenspeiler den største påverknaden ein art har, eller kan få, i vurderingsområdet. For mange artar vil derimot den økologiske risikoen variere innan det potensielle utbreiingsområde. Risikoen er lågare i nokre deler av utbreiingsområdet enn i andre. I Framandartslista 2023 har 18 % av dei vurderte artane slik geografisk variasjon i risiko.

Årsaka til geografisk variasjon i risiko

Det er ulike årsaker til at arten sin økologiske risiko kan variere innafor utbreiingsområdet. Det kan vere at arten gjer meir skade under enkelte bioklimatiske forhold, eller at den har større påverknad i visse naturtypar. Nokre gonger er også den negative økologiske effekten knytt til ein heimehøyrande art som har avgrensa utbreiing.

Reproduksjon og spreiing er begrensa til visse bioklimatiske soner eller seksjonar

Dei bioklimatiske sonene for landet fanger opp variasjon i temperaturen, medan dei bioklimatiske seksjonane visar variasjonen i humiditet og oseanitet. Både reproduksjon og evne til etablering og spreiing (invasjonspotensial) kan minske langs slike bioklimatiske gradientar, til dømes med høgde over havet om temperatur er avgjerande, eller frå vest til aust om nedbørsmengda er viktig.

Gullfisk Carassius auratus, er ein av mange framande artar som er avgrensa av temperatur. Arten sin moglegheit for etablering og spreiiing er størst i dei lågareliggjande og sørlege delane av Noreg. Gullfisk har derfor geografisk variasjon i risiko i Framandartslista 2023.

Økologisk effekt knytt til bestemte bioklimatiske soner eller seksjonar

Dei bioklimatiske forholda kan òg påverka den økologiske effekten til arten, ikkje berre arten sitt invasjonspotensial. Økologisk effekt kan vere påverka av dei same gradientane i temperatur og fuktigheit som nemnt over. Invasjonspotensial heng derfor ofte saman med artens økologiske effekt.

Sibirportulakk Claytonia sibirica veks i hovudsak i dei oseaniske områda langs kysten. Arten har fått godt fotfeste på Vestlandet og fortrengjer heimehøyrande arter i områder der den veks. Det er også gjort funn av sibirportulakk langs kysten på Sørlandet og Austlandet, men det er ikkje kjend at arten har negative økogiske effektar der.

Økologisk effekt knytt til bestemte naturtypar

Nokre framande artar har negativ økologisk effekt, uavhengig av kva naturtype dei opptrer i, som til dømes stillehavsøsters Crassostrea gigas. Risikoen er den same innafor heile det potensielle utbreiingsområde til arten. Men slik er det ikkje for alle framande artar.

Nesten 150 framande artar har variasjon i økologisk risiko fordi effekten på dei heimehøyrande artane er avgrensa til visse naturtypar. Både syrin Syringa vulgaris og gravbergknapp Phedimus spurius er vurdert til svært høg risiko, men problema er størst i den trua naturtypen åpen grunnlendt kalkmark som vi finn rundt Oslofjorden.

Ein anna art, kjempegullkorg Doronicum macrophyllum, kan mest truleg fortrengje trua planter i naturtypen semi-naturleg eng.

Økologisk effekt berre på raudlistevurdert art med avgrensa utbreiing

For 64 av dei framande artane er den negative økologiske effekten avgrensa til ein heimehøyrande art med vesentleg mindre utbreiing enn den framande arten. Til dømes, har ei rekkje krepsdyr (Decapoda) variasjon i geografisk risiko fordi risikoen først og fremst er knytt til områda der det finns edelkreps Astacus astacus. Edelkreps er i Raudlista for artar 2021 vurdert til å vere sterkt trua.

For alpeklematis Clematis alpina, ein populær hageplante, er den økologiske effekten knytt til mogleg hybridisering og påfølgjande tilbakekryssing med den sterkt trua arten skogranke (skogklematis) Clematis sibirica, som finns i eit avgrensa område i Gudbrandsdalen.

Antal artar for kvar av dei fire årsakane til geografisk variasjon i risiko. Tala gjeld for Fastlands-Noreg og regionalt framande artar er ikkje inkludert.

Siteres som:

Artsdatabanken (2023). Geografisk variasjon i framande artar sin risiko. Fremmede arter i Norge - med økologisk risiko 2023. www.artsdatabanken.no/pages/343218 Nedlastet dag/måned/år