Vitskapeleg råd for NiN
For å sikre ei god forankring i dei vitskaplege fagmiljøa, er det etablert eit vitskapleg råd for NiN. Rådet har det løpande ansvaret for å ta stilling til forslag til endringar i systemet og prinsippa som ligg bak, slik at systemet skal vere mest mogeleg oppdatert med tanke på gjeldande kunnskap om naturtypevariasjon.
- Innhold
- Kontakt
Medlemene i Vitenskapelig råd for NIN blir valde personleg for ein periode på fire år. Gjeldande periode for det sitjande rådet er 2018-2022. Rådet skal representere den nasjonale fagkompetansen knytt til naturvariasjon og økologi, og medlemene blir valde på bakgrunn av kunnskapen dei har innanfor desse fagområda. Rådet si samansetjing dekkjer breidda av ulike fagområde med relevans for beskriving og typeinndeling av norsk natur. Professor Rune Halvorsen ved Naturhistorisk Museum ved Universitetet i Oslo er leiar av rådet.
Ei meir detaljert skildring av korleis rådet skal fungere finst i rådet sitt mandat som du kan laste ned på denne sida.
For å kunne jobbe mest mogeleg effektivt med å forbetre Natur i Norge, er det i tillegg til vitskapeleg råd etablert eigne ekspertgrupper for ferskvatn, hav, seminaturleg natur, landformer, arktisk natur og kartlegging.
Ekspertgruppene sin hovudoppgåve er å vidareutvikle systemet innanfor kvar sitt felt.
Artsdatabanken er ansvarleg for arbeidet med NiN i høve til framdrift og føringar gitte av Stortinget og Klima- og miljødepartementet.
Kontakt
Anne Britt Storeng, Artsdatabanken
E-post: anne.b.storeng@artsdatabanken.no
Mobil: 91320760
Rune Halvorsen, Naturhistorisk museum, UiO, leiar av vitskapeleg råd
E-post: Rune.Halvorsen@nhm.no
Mobil: 95477287