Breiflangra i sanddyne-områda på Sørvestlandet er påfallande ulik dei andre norske plantane av arten. Dyneflangre blei først beskriven som ein varietet av Vermeulen i 1949, seinare som underart av Buttler i 1986, og no sist som ein særskild art av Devillers-Terschuren og Devillers i 1991. Dette syner at det er ulike oppfatningar av kor distinkt planten er.

Kjenneteikn

Dyneflangre er lågvaksen og kompakt, med meir tettstilte og smalare elliptiske blad enn skogbreiflangre. Dei nedste støtteblada i klasen er mindre enn dobbelt så lange som blomen og stikk ikkje godt framom blomane. Støtteblada midt i klasen er sprikjande til oppståande. Det midtre, ytre blomebladet er butt.

Kromosomtal

Vi kjenner ikkje til nokre rapportar om kromosomtal hos denne planten.

Økologi og utbreiing

Dyneflangre er funnen nokre få stader i etablert sanddyne og i krattskog på sanddyne. Planten er berre sikkert dokumentert frå Jæren i Ogna–Brusand-området i Ro Hå og på Orresanda i Klepp. Det er òg ein truleg påliteleg rapport, men diverre utan dokumentasjon med bilete eller innsamla plante, frå Einarsneset på Lista i VA Farsund. Planten er elles berre kjent frå Nordvest-Europa med funn frå Danmark sør til Nord-Frankrike, kanskje òg i Storbritannia.

Kommentarar

Dyneflangre høyrer til eit særskilt plantegeografisk element knytt til kystområda kring Nordsjøen, og særleg til sanddyne-område. Ein annan orkidé med ei noko liknande utbreiing, er islandsgrønkurle Dactylorhiza viridis subsp. islandica, men ho går òg nord til Island.

Dyneflangre veks her i etablert sanddyne på Orresanden i Klepp.

Her veks ho i ei matte av blodstorkenebb, noko som syner at sanda har mykje innhold av skjel.

Forvekslingar

For karakterar som skil arten breiflangre frå raudflangre E. atrorubens, sjå arten. Dyneflangre skil seg frå skogbreiflangre subsp. helleborine i fleire karakterar. Hos dyneflangre er dei nedste støtteblada i klasen mindre enn dobbelt så lange som blomen og stikk ikkje mykje fram, og støtteblada midt i klasen er sprikjande til oppståande. Hos skogbreiflangre er dei nedste støtteblada i klasen meir enn dobbelt så lange som blomen og støtteblada midt i klasen er meir eller mindre nedbøygde. Det midtre, ytre blomebladet er spisst hos skogbreiflangre medan det er butt hos dyneflangre.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Lundberg A (2010). Handlingsplan for dvergmarikåpe, saronnellik, ekornsvingel, islandsgrønkurle, jærflangre, jærtistel og skredmjelt i Noreg. Direktoratet for naturforvaltning. 65 s.

Pedersen HÆ og Faurholdt N (2010). Danmarks vilde orkidéer. Gyldendal, København. 320 s.

Siter nettsida som:

Elven R. Dyneflangre Epipactis helleborine subsp. neerlandica (Verm.) Buttler. www.artsdatabanken.no/Pages/325533. Lasta ned <dag/månad/år>.