Gjennom Artsprosjektet skal Artsdatabanken bidra med å auke kompetansen innan taksonomi og biosystematikk og styrkje faglege nettverk. Søknadsfristen har utløpt.

Artsprosjektet er eit viktig bidrag til arbeidet med å betre kunnskapen og kompetansen om artar i norsk natur. Workshops, kurs, seminar, konferansar, eller andre faglege tiltak, gjer at forskarar, studentar og amatørar får møtt kvarandre og får utveksla kunnskap og kompetanse innen taksonomi og biosystematikk. Slik vert gode faglege samarbeidsrelasjonar og nettverk etablert. Artsdatabanken opnar no for at det kan søkjast om tilskot til slike tiltak.

Viktige kriterium for vurderinga av søknader er fagleg kvalitet, i kva grad tiltaket lar seg gjennomføre og relevans jamfør utlysinga.

Total budsjettramme for utlysinga er kr 590 000, og maksimal stønadssum per søknad er kr 200 000. Aktivitet kan tidlegast starte 20. oktober 2023. Tiltaket må gjennomførast seinast innan 20. oktober 2024.

Heile utlysingsteksten finn du i menyen til høgre.

Søknadsfristen har utløpt

Søknader som kjem inn etter at fristen har gått ut vil ikkje bli vurdert. Søknader vil vere ferdig behandla av Artsdatabanken innan 6. oktober 2023.

 

Kontaktperson

Stine Svalheim Markussen

Telefon: 47 75 37 14
E-post: stine.markussen@artsdatabanken.no