Vil du bidra til Noreg sitt kunnskapsgrunnlag om naturtypar? Og har du ekspertkompetanse på NIN-systemet og naturtypane i hovudøkosystema? Då vil vi gjerne høyre frå deg innan 1. november!

Fastmarksskogsmark, lågurtskog med blandet dominans av gran og hassel. Foto: Rune Halvorsen. Lisens: CC BY 4.0

Artsdatabanken startar no prosessen med å revidere Raudlista for naturtypar. Arbeidet skal resultere i ei ny raudliste for naturtypar som blir lanserte mot slutten av 2025.

Til dette søkjer vi ekspertar med god oversikt over naturtypane innanfor dei ulike hovudøkosystema; terrestrisk, marint og  limnisk. Ønskjer du å vere delaktig i dette viktige arbeidet så meld di interesse. Deltaking i ekspertgruppene kan også vere relevant for PHD-kandidatar og personar i postdoktorstillingar.

Viktig kunnskapsgrunnlag

Raudlista for naturtypar er ei verdinøytral samanstilling av kunnskap. Den viser kva risiko naturtypane i Noreg har for å gå tapt dersom dei rådande forhold held fram. Naturtypane blir vurderte etter ein metodikk utvikla av Den Internasjonale naturvernunionen IUCN

Ein komité av ekspertar vurderer kvar naturtype etter eit kvantitativt sett med kriterium. På grunnlag av denne vurderinga blir naturtypane grupperte i ulike raudlistekategoriar. Målet er at vurderingane skal vere objektive og etterprøvbare.

Vi søkjer ekspertar på naturtypar

Til arbeidet med Raudlista for naturtypar ser vi etter medlemer til fem ekspertkomitéar:

  • Marint
  • Ferskvatn
  • Våtmark
  • Fastmark
  • Landformer

Det er eit mål at komitéane skal ha ei brei fagleg samansetjing.

Har du ekspertkompetanse på NIN-systemet og på naturtypar innanfor eit av dei fem områda? Då ønskjer vi å høyre frå deg innan 1. november. 

Krav til ekspertane

Medlemene skal ikkje representere interesseorganisasjonar, næringsorganisasjonar eller forvaltinga. Dette for å unngå mogelege interessekonfliktar.  

Det er Artsdatabanken som oppnemner alle ekspertane. Følgjande kvalifikasjonar blir lagt vekt på når vi skal oppnemne medlemar til komitéane: 

  • relevant kompetanse i økologi og god kjennskap til NIN sitt typesystem og systemet for å beskrive, samt kunnskap om ein eller fleire naturtypar
  • relevant kunnskap om kva påverknad som er viktig for endringar av naturtypar og kva tilstandsendringar og utvikling som har skjedd både historisk (dei siste 50 åra) og fram til i dag.
  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner 
  • leveringsevne med omsyn til kontraktfristar 

Eigen "kvote" for nyutdanna ekspertar

Artsdatabanken ønskjer at det i framtida skal finnast tilstrekkeleg god kompetanse på NIN og naturtypar i Noreg. For å sikre rekruttering til feltet, har vi derfor som mål at det i kvar ekspertkomité skal vere eitt kvalifisert yngre, nyutdanna, medlem. Som nyutdanna vert rekna personar som har avlagt mastereksamen for inntil 6 år sidan. Posisjonen kan dermed også vere relevant for PHD-studentar og personar i postdoktorstillingar.

Personar som søkjer på kvoten for nyutdanna ekspertar vil ikkje konkurrere med dei eldre, meir erfarne søkjarane, men berre med andre nyutdanna.  

Meld interessa di til Artsdatabanken

Artsdatabanken ønskjer at fagpersonar som meiner å ha den ekspertisen vi ser etter melder si interesse til oss, i samråd med institusjonen sin. For å bli vurdert er det naudsynt å levere ein kort CV med maksimum 10 relevante publikasjonar, samt ei halv side om kva kompetanse du har på naturtypar. Kandidatar i kategorien nyutdanna må merke sin søknad med "nyutdanna". CV sendes til anne.b.storeng@artsdatabanken.no innan 1. november 2023.

Det er eit mål at komitéane skal ha ei brei fagleg samansetjing som dekkjer NIN, økologi og naturtypar - medlemane må utfylle kvarandre i kompetanse. Dette blir det teke omsyn til ved oppnemning av komitéane. Artsdatabanken vil utnemne ein leiar for kvar ekspertkomité. Når komitéen er oppnemnd vil Artsdatabanken be om at kvart enkelt komitémedlem signerer ei habilitetserklæring, for blant anna å sikre at mogelege interessekonfliktar eller private omsyn ikkje skal kunne påverke risikovurderinga.