Ballblom er ein kjend og kjær, heimleg plante som veks over det meste av landet, særleg på enger og beitemark på noko næringsrik grunn. Beitande dyr vik unna denne giftige planten. Arten er særleg vanleg nordpå, og han var, og er kanskje snart att, fylkesblome for Troms. Ballblom har mange namn, som det samiske mánorásse, "måneplante", som truleg siktar til at blomen er rund som ein fullmåne. Andre vanlege norsk namn er "dobbeltsoleie" og “knappsoleie”.
|
Hanne Hegre
|
Reidar Elven
|
Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo