For å sikre ei god forankring i dei vitskaplege fagmiljøa, er det etablert eit vitskapleg råd for NiN. Rådet har det løpande ansvaret for å ta stilling til forslag til endringar i systemet og prinsippa som ligg bak, slik at systemet skal vere mest mogeleg oppdatert med tanke på gjeldande kunnskap om naturtypevariasjon.

Medlemene i Vitenskapelig råd for NIN blir valde personleg for ein periode på fire år. Gjeldande periode for det sitjande rådet er 2018-2022. Rådet skal representere den nasjonale fagkompetansen knytt til naturvariasjon og økologi, og medlemene blir valde på bakgrunn av kunnskapen dei har innanfor desse fagområda. Rådet si samansetjing dekkjer breidda av ulike fagområde med relevans for beskriving og typeinndeling av norsk natur. Professor Rune Halvorsen ved Naturhistorisk Museum ved Universitetet i Oslo er leiar av rådet.

Ei meir detaljert skildring av korleis rådet skal fungere finst i rådet sitt mandat som du kan laste ned på denne sida.

Artsdatabanken er ansvarleg for arbeidet med NiN i høve til framdrift og føringar gitte av Stortinget og Klima- og miljødepartementet.

Vitskapeleg råd for NiN samla i Trondheim den 17. oktober 2018. Frå venstre: Harald Bratli, Olav Skarpaas, Ivar Gjerde, Lars Erikstad, Frode Ødegaard, Virve Ravolainen, Margaret Dolan, Rune Halvorsen, Hanne Sickel, Pål Buhl-Mortensen, Anne-Kristin Schartau, Ingrid Ertshus Mathisen, Anders Lyngstad, Trine Bekkby og Anne Britt Storeng (Anders Bryn var ikkje til stades då biletet blei tatt).

Kontakt

Anne Britt Storeng, Artsdatabanken
E-post: anne.b.storeng@artsdatabanken.no
Mobil: 91320760

Rune Halvorsen, Naturhistorisk museum, UiO, leiar av vitskapeleg råd
E-post: Rune.Halvorsen@nhm.no
Mobil: 95477287