Framande artar kan påverke naturen på Svalbard
Arktiske miljø som Svalbard er spesielt sårbare, og framande artar som får fotfeste der kan få svært negative konsekvensar for stadeigen natur. I 2018 er fleire framande artar risikovurderte for Svalbard. Majoriteten av desse er dørstokkartar.
- Innhold
- Fleire artar inkluderte i ny økologisk risikovurdering
- Mange av dei risikovurderte artane er dørstokkartar
- Kjem som blindpassasjerar
- Kva betyr økologisk risiko?
- Marine artar med høg økologisk risiko
- Kva negative effektar har framande karplanter?
- Konsekvensar av klimaendringar for naturen på Svalbard
Frå andre stader i verda veit vi at framande artar som kjem til arktiske område er vanskelege å kjempe mot når dei fyrst har fått etablert seg. Derfor bør ein vere spesielt oppmerksame på dørstokkartar som kan tenkjast å få fotfeste på Svalbard i nærmaste framtid.
Fleire artar inkluderte i ny økologisk risikovurdering
Artsdatabanken har vurdert økologisk risiko for framande artar i Noreg. For Svalbard er det i 2018 inkludert langt fleire artar enn tidlegare. I tillegg til gruppene karplanter og pattedyr, som også blei risikovurderte i 2012, er fisk og marine invertebratar også tekne med denne gongen.
Mange av dei risikovurderte artane er dørstokkartar
Av dei totalt 47 artane som er risikovurderte for Svalbard, er 31 det vi kallar dørstokkarter. Desse artane har ikkje enno etablert seg på Svalbard, eller i fiskerivernsona rundt Svalbard, men blir antatte å kunne etablere seg der innan 50 år.
Heile 23 av 24 marine invertebratar som er vurderte for Svalbard er dørstokkartar, og 5 av 19 vurderte er karplanter. To dørstokkartar er vurderte til å utgjere respektiv høg risiko og svært høg risiko: krepsdyret Ischyrocerus commensalis og kongekrabbe Paralithodes camtschaticus. Dei fleste dørstokkartane er likevel vurderte til å utgjere låg risiko.
Kjem som blindpassasjerar
Framande artar kan kome til Svalbard på ulike måtar. Svalbard er ei øygruppe, så desse terrestriske økosystema ligg i utgangspunktet godt beskytta. Men auka globalisering og reiseverksemd, i kombinasjon med at naturturisme har blitt meir populært, gjer at artar lettare spreier seg over store avstandar. Turistar kan ha frø, egg, eller larver festa til turtøy, fjellsko eller fiskeutstyr. På same måte kan «blindpassasjerar» følgje med i bagasje, i importerte handelsvarer og jord eller festa til dekk på køyretøy. Marine artar kan introduserast på same måte, i ballastvatn eller festa til skipsskrog.
I tillegg kan framande artar tenkjast å kome til Svalbard gjennom sekundær introduksjon. Det inneber at framande artar i naboland utvidar utbreiinga si og kryssar over i norsk sone. Ettersom Svalbard er ei øygruppe, er artar som kan tenkjast å kome ved sekundær introduksjon fyrst og fremst marine artar som spreier seg i havmassane eller langs havbotnen.
Kva betyr økologisk risiko?
Vurderingane av økologisk risiko er baserte på kvantitative vurderingar av invasjonspotensialet og den økologiske effekten til artane. Invasjonspotensiale inneber kor levedyktig arten er i kombinasjon med kor raskt den spreier seg, mens økologisk effekt er i kva grad arten kan påverke stadbundne artar og naturtypar negativt. Kombinasjonen av invasjonspotensial og økologisk effekt avgjer arten sin risikokategori.
Marine artar med høg økologisk risiko
OBS: I Framandartslista 2018 blei snøkrabbe Chionoecetes opilio vurdert som ein framand art. Dette av di ekspertane den gongen meinte at den mest sannsynlege spreiingsmåten til Barentshavet var via ballastvatn. Ny forsking (genetiske studiar) av snøkrabbe frå Barentshavet styrkjer derimot hypotesa om at arten har vandra til Barentshavet sjølv (Dahle et al, submitted). Arten kan derfor ikkje lenger reknast som framand i norske havområde. |
Snøkrabbe Chionoecetes opilio, kongekrabbe Paralithodes camtschaticus og den vesle amfipodearten Ischyrocerus commensalis er alle vurderte til å utgjere svært høg eller høg risiko. At ein framand art etablerer seg på Svalbard, eller i sjøområda rundt Svalbard, kan ha ei rekkje ulike konsekvensar for den stadeigne naturen.
Snøkrabbe er heimehøyrande i Beringhavet, men dukka opp i 1996 i Barentshavet, der den i åra etter spreidde seg og blei svært talrik. I 2018 er det gjort to vurderingar av snøkrabbe, éin for Svalbard og éin for Fastlands-Noreg. Arten er i havområda rundt Svalbard vurderte til kategorien svært høg risiko, mens den i norsk økonomisk sone utanfor Finnmark og Troms er vurdert å utgjere potensielt høg risiko.
Snøkrabba beitar på botnfauna og den kan truleg ha svært negativ innverknad på nøkkelartar og økosystem.
Framande artar kan også ha med seg parasittar. Eit eksempel er Crangon crangon, ofte kalla sandreke eller hestereke. Den er utbreid langs heile norskekysten og vil truleg også kunne etablere seg på Svalbard, spesielt dersom temperaturen i havet aukar som følgje av klimaendringar. Sandreke er berar av ein parasittisk dinoflagellat, Hematodinium sp., som kan overførast til stadeigne artar av krabber og reker. Stadeigne artar er ikkje tilpassa denne parasitten og vil truleg svekkjast, samtidig som sandreka får ein konkurransefordel.
Kva negative effektar har framande karplanter?
Av karplantene utgjer heile 9 av dei 19 vurderte artane ein risiko.
Hundekjeks Anthriscus sylvestris har blitt observert i busetjinga i Barentsburg ved fleire høve frå 2007 og fram til i dag. Arten er kjend for å vere vanskeleg å bli kvitt dersom den fyrst er etablert. Risikoen er fyrst og fremst knytt til at arten etablerer seg i dei næringsrike fuglefjellreservata. Hundekjeks utkonkurrerer andre artar i fuglefjell på det norske fastlandet, og det er god grunn til å anta at det same vil skje på Svalbard. I motsetning til stadeigne planteartar vil hundekjeks også kunne gi skjul for fjellrev, noko som kan gi negative effektar for fuglelivet.
Konsekvensar av klimaendringar for naturen på Svalbard
Klimaet på Svalbard er tøft, og naturen der er samansett av artar som er spesielt tilpassa dette miljøet. Ei av dei viktigaste årsakene til at dei fleste framande artar av karplanter er vurderte til låg risiko, er at dei ikkje er like godt rusta for nett dette klimaet som den stadeigne floraen.
Men kva vil skje i framtida? Det er forventa at den menneskelege aktiviteten på Svalbard vil auke, slik at hyppigheita av utilsikta introduksjonar aukar. Samtidig blir det forventa at klimaet vil bli varmare, noko som vil vere til fordel for invasjonspotensialet til framande artar, samtidig som det vil svekkje konkurransefordelen til dei stadeigne artane.