I motsetnad til den meir grovvaksne huldreblomen, er denne bleike og klorofyll-frie planten nokså vanleg å finne, og han kjem mange stader att årvisst. Han er ikkje så mykje å sjå til, men om ein brukar ei lupe for å studere blomane, ser ein at dei er riktig så nette.

Kjenneteikn

Korallrot har ein horisontal og tett forgreina, korall-liknande jordstengel utan røter. Planten er utan klorofyll, og stengelen er difor bleikbrun eller lyst gulbrun og med 1–2 lange, bleike bladslirer utan bladplater. Blomestanden er ein open klase med nokre få, kortskafta blomar. Dei øvre blomeblada er brungrøne. Leppa er kvit med raude prikkar og grunt treflika, og ho vender nedover. Fruktknuten veks seg tidleg kort og tjukk, og blomen sit på ein fruktknute som er om lag like tjukk som blomen er brei. Blomen er utan spore. Pollenet er samla i to pollinium.

Rota er korallforma og er i samliv med mykorrhiza-soppar.

Me gjer merksam på at dette er individ samla inn til bruk i museumsherbarium.

Blomane er små, med ei kort og brei, kvit leppe og elles med lyst gulbrune blomeblad.

Korallrot kan vere meir synleg når planten er i frukt enn når han blømer.

Kromosomtal

Korallrot er diploid (tetraploid) med grunntal x = 21 (19, 20) og kromosomtal 2n = 42 (32, 40, 84).

Økologi og utbreiing

Korallrot veks i humusrik skog (med mykje sopphyfar) og ofte på stig- og vegkantar, her ved den gamle vegen frå Rugldalen opp til Muggruva i Røros.

Korallrot veks oftast på noko næringsrik grunn, men ofte ikkje særleg baserik. Arten har eit breitt spenn i veksestader, i open, frisk skog, sumpskog, fuktig eller sesongfuktig beitemark, fuktig slåtteeng, myrkantar og fuktige sig elles, og kanskje særleg på stig- og vegkantar. Han toler godt forstyrring, men treng det ikkje. Arten er nokså vanleg i om lag heile landet, òg i fjellet opp i lågalpint belte til 1300 moh. på Dovrefjell (i He Folldal). Globalt er han utbreidd i alle tempererte og boreale område på den nordlege halvkula, sør til sørlege USA, Middelhavsområdet og Himalaya. Han går òg nord til Island og kryssar grensa til Arktis i Noreg, Russland, Alaska, Canada og Grønland.

Kommentarar

På forstyrra stader er korallrot ofte ein pioner som er til stades i eit mellomstadium i ein suksesjon, når noko plantevekst og sopp har etablert seg, men før det heile gror att. Difor er stig- og vegkantar, og særleg vegkantar som regelrett blir kantslått, ein form for permanent mellomstadium.

Forvekslingar

Den einaste andre norske planten som korallrot kan likne litt på, er huldreblom Epipogium aphyllum, men huldreblom er ein mykje grøvre plante og med mykje større blomar med ein spore, og der både leppa og sporen vender oppover.

Siter nettsida som:

Elven R. Korallrot Corallorhiza trifida Châtel. www.artsdatabanken.no/Pages/312213. Lasta ned <dag/månad/år>.