Orkidéfamilien er den mest artsrike av alle familiar av karplantar, med kring 26 000 artar på verdsbasis. Familien er utbreidd over om lag heile jorda, men med størst mangfald i tropane. I Noreg har vi kring 33 artar.

Kjenneteikn

Dei norske orkidéane er jordbuande, fleirårige urter, anten med forlenga, horisontal eller skråstilt jordstengel, med knollar eller med fortjukka røter. Artane med knollar set kvart år oftast éin knoll som stengelen kjem opp frå, og der det blir utvikla éin ny knoll til neste årets vekst ved sidan av den gamle. Nokre få artar har sokalla pseudoknollar, utvekstar frå grunnen av stengelen. Med unnatak for dei to tviblad-artane i slekta Neottia, har plantane skruestilte blad, men hos mange artar er dei fullt utvikla blada samla ved grunnen med berre reduserte blad oppover på blomestengelen. Alle artane har samliv med sopp, og hos nokre artar er samlivet så intimt at dei ikkje utviklar grøne plantedelar, men snyltar på soppen eller på nedbrytingsprodukt frå soppen. Blada har linje- eller bogeforma nervatur og er utan eit tydeleg avgrensa bladskaft. Hos dei norske artane sit blomane i aks, dvs. utan blomeskaft, eller klasar, dvs. med eit oftast kort blomeskaft. I meir sørlege slekter sit dei ofte i greina toppar. Blomane er oversitjande, dvs. at blomedekket sit oppå fruktknuten. Dei er monosymmetriske (med berre eitt, vertikalt symmetriplan), 3-talige med 6 blomeblad, og dei er tilpassa å bli pollinerte av insekt, stundom med nokså intrikate mekanismar. Hos storparten av artane har blomane eit blomeblad forstørra til ei leppe. Leppa er i utgangspunktet det øvste av blomeblada og hos nokre artar vender ho oppover, men storpartane av artane har eit vridd blomeskaft eller ein vridd fruktknute slik at leppa vender nedover. Hos nokre få artar er ho vridd endå meir, 360°, slik at leppa er vridd opp att. I mange slekter har eitt av blomeblada ein spore, men han er utan nektar hos nokre slekter. Oftast er det berre éin pollenberar som er vaksen sammen med griffelen til eit griffelhode. Hos om lag alle dei norske artane er pollenet i kvar av dei to pollenknappane kitta saman i pollinier som har eit smalt skaft med ei klebeskive. Desse pollinia blir sitjande fast på dei pollinerande insekta og blir frakta samla over til andre blomar, noko som sikrar ei massiv pollinering og frøsetjing. Unnataket i Noreg er marisko Cypripedium calceolus, der pollenmassen ikkje er samla slik, men meir klebrig, og dessutan kjem frå to pollenberarar. Frukta er ein kapsel. Frøa er talrike, ofte frå meir enn 1500 frøemne per frukt, støvfine, blir spreidde med vind, og dei krev kontakt med sopphyfer i jorda før dei kan spire skikkeleg.

Både vanlege og sjeldsynte artar

Orkidéar er omspunne av mytar, og mange trur at alle orkidéar er sjeldsynte og spesielle. Spesielle er dei, men det er ikkje riktig at alle er sjeldsynte. Mange norske orkidéar er vanlege, til dømes flekk- og skogmarihand Dactylorhiza maculata, nattfiol Platanthera bifolia, raudflangre Epipactis atrorubens, småtviblad Neottia cordata og korallrot Corallorhiza trifida. Om alle orkidéar skulle bli fredlyste, ville det vere ei symbolhandling meir enn nøktern bevaring av biologisk mangfald. Samstundes veks mange av orkidéane i naturtypar som er sårbare eller i sterk tilbakegang. Nokre av dei er òg mykje utsette for miljøkriminalitet ved at dei blir gravde opp og flytta til hagar eller eksporterte, kanskje særleg den mest påfallande av alle norske orkidéar: marisko Cypripedium calceolus.

Økologi

Økologisk er storparten av våre heimlege orkidéar knytta til skog, myr og fjellhei og alltid til humusrik jord med mykje sopphyfar. Det er nokså få artar på kulturmark, og då særleg på tradisjonelt skjøtta kulturmark, men det har vore mykje fokus på nokre av desse.

Artsavgrensing

Artsavgrensinga er ofte problematisk hos orkidéar, kanskje på grunn av at dei ofte har nokså artsspesifikke pollinatorar, til dømes flugeblom-artane i slekta Ophrys. Ulikskap i pollinatorar vil gjerne då føre til ulike artar. Det er i røynda berre éi norsk slekt med store problem med artsavgrensinga – marihand Dactylorhiza – og ho er ikkje mellom dei med svært artsspesifikke pollinatorar. Mykje av problema i denne slekta heng saman med hybridisering og polyploidisering. Polyploidisering er dobling av kromosomtal med påfølgjande reproduksjonsbarrierar. Hybridisering er i det heile svært vanleg hos orkidéane, både innanfor og mellom slektene.

Verdsutbreiing

Orkidéfamilien er den mest artsrike av alle familiar av karplantar, med kring 26 000 artar. Korgplantefamilien, på andreplassen, har kring 25 000 artar. Orkidéfamilien er utbreidd over om lag heile jorda, frå Arktis sør til grensa mot Antarktis, men med størst mangfald i tropane og her ofte som epifyttar oppe i andre plantar. Familien blir oftast delt på fem underfamiliar. I Noreg har vi representantar for to av desse. Marisko er einaste norske (og nordiske) representant for underfamilien Cypripedioideae, som globalt har femslekter og kring 130 artar, medan alle våre andre orkidéar høyrer til Orchidoideae, som globalt har noko over 200 slekter og meir enn 3600 artar. I alt har vi kring 21 slekter (ei av desse utdøydd) og 33 artar, med den artsavgrensinga som er brukt her.

Viktige kjelder

Verdsutbreiinga til slekter, og til mange arter, er henta frå “Plants of the World Online” (POWO), ei nettside frå Royal Botanic Gardens Kew i London. Gode framstillingar av dei nordiske orkidéane finn ein hos Mossberg og Stenberg (2018, men bruk den svenske utgåva!) og for dei noko meir sørlege (dei som veks i Danmark) hos Pedersen og Faurholdt (2010).

Omtalen av slekter og artar byggjer mykje på Elven mfl. (2022) som er ein sams referanse for desse.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8 utgåva. Samlaget, Oslo.

Mossberg B og Stenberg L (2018). Nordens flora. Bonnier Fakta, Stockholm. 976 s.

Pedersen HÆ og Faurholdt N (2010). Danmarks vilde orkidéer. Gyldendal, København. 320 s.

Plants of the World Online. Royal Botanic Gardens Kew. http://powo.science.kew.org/. Lasta ned 15/11/2021.

Siter nettsida som:

Elven R. Orkidéfamilien Orchidaceae Juss. www.artsdatabanken.no/Pages/312248. Lasta ned <dag/månad/år>.