Kongsmarihand
Dactylorhiza majalis
Ingen hadde tidlegare trudd at vi hadde arten kongsmarihand i Noreg, men det har vi no. Det er ikkje slik at vi har fått ein nykommar i floraen. Arten slik ein tidligare oppfatta han, har vore kjent nord til Skåne og Danmark. Seinare molekylære undersøkingar har ført til at ei rekkje hybrider mellom D. incarnata og D. maculata subsp. fuchsii har vorte samla innanfor ein breiare avgrensa art D. majalis kongsmarihand.
- Innhold
- Kjenneteikn
- Kromosomtal
- Økologi og utbreiing
- Kommentarar
- Forvekslingar
- Hybridar
- Siter nettsida som:
Kjenneteikn
Kongsmarihand kan vere frå ein lågvaksen plante på 10 cm til ein ganske grov plante på opptil 40 cm. Knollane er djupt delte med lange, granne flikar, og stundom sit års- og fjorårsknoll i ulik høgd. Stengelen er grann eller grov, innhol og med opptil fem eller fleire stengelblad, dei største nedst på stengelen. Blada er mørkgrøne på oversida og oftast noko lysare grøne på undersida, og dei er uflekka eller med flekkar på oversida. Blada er oftast spisse, 0,8–2,5 cm breie, og i alle fall dei nedre er anten smalt jambreie eller breiast kring midten. Dei øvste blada er reduserte, men ikkje slireforma. Blomestanden er eit tett eller meir opent aks med nokså store blomar (større enn hos engmarihand). Støtteblada er korte, faste (ikkje hinnetynne) og med ørsmå, runde tenner i kanten. Blomane er raudfiolette eller purpurraude. Leppa er 5–9 mm lang og meir eller mindre tydeleg treflika, der midtfliken anten kan vere jamlang med, noko lengre enn eller noko kortare enn sideflikane, og der sideflikane oftast er noko nedbøygde i kanten. Leppa har ofte ulike mønster av mørkare flekkar.
Kromosomtal
Kongsmarihand er tetraploid med grunntal x = 20 og kromosomtal 2n = 80. Teljingar er gjorde på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Dei fire rasane av arten som i dag er aksepterte frå Noreg, har sopass ulik økologi og utbreiing at det er vanskeleg å seie noko samla om dei, bortsett frå at i alle fall to av dei er knytta til baserik grunn. Sjå under kvar av underartane. Globalt er arten utbreidd i Europa, Vest-Sibir og Tyrkia.
Kommentarar
Om ein ser bort frå søstermarihand D. sambucina og grønkurle D. viridis, så omfattar dei norske einingane av slekta Dactylorhiza tre grupper: den diploide arten engmarihand med sine rasar, den diploide og tetraploide arten bleikmarihand D. maculata med sine rasar, og den tetraploide arten kongsmarihand D. majalis med sine rasar. Dei tetraploide einingane av kongsmarihand er allopolyploidar oppkomne ved kromosomtalsdobling etter hybridisering, med eitt genom frå engmarihand og eitt frå diploid bleikmarihand (det vil seie skogmarihand subsp. fuchsii), sjå, mellom andre, Hedrén mfl. (2001) og Brandrud mfl. (2020). Variasjonen i kongsmarihand heng truleg saman med at dei einskilde rasane er bygde på hybridar mellom ulike rasar i engmarihand og til dels i bleikmarihand.
Variasjonen innanfor kongsmarihand er eit område kor felterfaringar og molekylære data er noko i motsats til kvarandre. Feltbiologar ser stor ulikskap og tenderer til å sjå mange artar, medan molekylære biologar ser nokre få, grunnleggjande genom og kombinasjonar av desse. Det er truleg, eller i det minste mogeleg, at nokre av dei genetisk begrunna hovudeiningane blir meir delte opp om ein analyserer dei med meir differensierandre molekylære markørar.
Fire underartar er skilde ut i det norske materialet, alle tidlegare rekna som særskilde artar: purpurmarihand subsp. purpurella (T.Stephenson & T.A.Stephenson) D.M.Moore & Soó eller D. purpurella (T.Stephenson & T.A.Stephenson) Soó, smalmarihand subsp. sphagnicola (Höppner) H.Æ.Pedersen & Hedrén eller D. sphagnicola (Höppner) Soó, lappmarihand subsp. lapponica (Laest. ex Hartm.) H.Sund. eller D. lapponica (Laest. ex Hartm.) Soó, og austersjømarihand subsp. baltica (Klinge) H.Sund. eller D. baltica (Klinge) N.I.Orlova. Den siste er berre funnen som innført og tilfeldig. For skilnadar mellom underartane, sjå nøkkelen og omtalen av kvar av dei.
Forvekslingar
Kongsmarihand kan berre bli forveksla med engmarihand D. incarnata. Hovudskilnadane ligg i bladformen, blomestanden og støtteblada. Kongsmarihand har anten smalt jambreie blad hos smalmarihand subsp. sphagnicola, eller blad som er breiast meir eller mindre kring midten hos dei andre, medan engmarihand har blad som er breiast nedst og jamt smalnar oppover. Blomestanden hos kongsmarihand er ofte noko grissen og med relativt store blomar, medan engmarihand har ein oftast tett blomestand med tydeleg mindre blomar enn kongsmarihand. Leppa hos kongsmarihand er oftast noko nedbøygd i kantane, medan ho hos engmarihand er om lag flat. Støtteblada i akset er rundtanna i kanten hos kongsmarihand, men utan tydelege tenner i kanten hos engmarihand.
Hybridar
Med unnatak for søstermarihand kryssar artane av slekta Dactylorhiza seg lett med kvarandre og stundom med artar av andre slekter. Det blir oftast berre funne einskilde plantar av hybridane, og dei er mest truleg sterile. Men av di det er vanleg at to eller fleire Dactylorhiza-artar veks saman, er hybridar ikkje sjeldsynte, om ein ser etter dei.
Dei tre heimlege rasane av kongsmarihand er alle rapporterte med hybridar. Lappmarihand subsp. lapponica har hybridar med engmarihand D. incarnata subsp. incarnata mange stader på Austlandet, i Trøndelag og i Nordland, med skogmarihand D. maculata subsp. fuchsii i Op Dovre og fleire stader frå No Hattfjelldal til Tr Tromsø og Karlsøy, med flekkmarihand D. maculata subsp. maculata mange stader frå Hedmark og Oppland til Troms, med grønkurle D. viridis i Tr Karlsøy, og med brudespore Gymnadenia conopsea i ST Røros. Purpurmarihand subsp. purpurella har hybridar med engmarihand i SF Selje (her først namnsett som stormarihand D. praetermissa), MR Smøla, og kanskje i Ro Hå (usikker identifikasjon) og med flekkmarihand fleire stader på Vestlandet (Ro Hå, Klepp og Karmøy, SF Flora og Selje). Smalmarihand subsp. sphagnicola har hybridar med engmarihand nokre stader på Austlandet frå Oslo og Bu Lier nord til He Ringsaker, og med flekkmarihand mange stader på Austlandet og sør til VA Søgne.
Kjelder
Brandrud MK, Baar J, Lorenzo MT, Athanasiades A, Bateman RM, Chase MW, Hedrén M og Paun O (2020). Phylogenomic relationships of diploids and the origins of allotetraploids in Dactylorhiza (Orchidaceae). Systematic Biology 69: 91–109.
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Hedrén M, Fay MF og Chase MW (2001). Amplified fragment length polymorphisms (AFLP) reveal details of polyploid evolution in Dactylorhiza (Orchidaceae). American Journal of Botany 88: 1868–1880.
Mossberg B og Stenberg L (2018). Nordens flora. Bonnier Fakta, Stockholm. 976 s.
Siter nettsida som:
Elven R. Kongsmarihand Dactylorhiza majalis (Rchb.) P.F.Hunt & Summerh. www.artsdatabanken.no/Pages/312217. Lasta ned <dag/månad/år>.