Islandsgrønkurle
Dactylorhiza viridis subsp. islandica
Det er eit gap i utbreiinga mellom grønkurla i fjellet i Ryfylke og nokre kystførekomstar på Jæren. Plantane på Jæren ser òg annleis ut enn dei i fjellet. Dei knyter seg nærare til plantane på Dei britiske øyane og Island og høyrer til eit plantegeografisk “Nordsjø”-element. Underarten byggjer på Lindleys Peristylus islandicus, og typen er frå Island.
Kjenneteikn
Islandsgrønkurle er mykje meir grovvaksen enn smågrønkurle. Stengelen har oftast fleire enn tre blad, og dei er tettstilte nedst på stengelen. Dei er oftast meir enn 2 cm breie og sterkt utbøygde. Akset er tett, breitt og mangebloma.
Kromosomtal
Islandsgrønkurle er diploid med grunntal x = 20 (21) og kromosomtal 2n = 40 (42).
Økologi og utbreiing
Islandsgrønkurle er berre funnen i friske eller sesongfuktige søkk i sanddyneeng på Jæren. Planten er svært sjeldsynt i Noreg, berre funnen i Ro Hå og Klepp, og med hovudførekomsten på Orresanden i Klepp. Sjå Lundberg (2019). Utbreiinga elles er avgrensa til Dei britiske øyane og Island.
Kommentarar
Sjå arten.
Forvekslingar
Kjelder
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s
Lundberg A (2019). Islandsgrønkurle Coeloglossum viride subsp. islandicum i Noreg – utbreiing, økologi og tilstand. Blyttia 77: 169–178.
Siter nettsida som:
Elven R. Islandsgrønkurle Dactylorhiza viridis subsp. islandica (Lindl.). www.artsdatabanken.no/Pages/325524. Lasta ned <dag/månad/år>.