To marihender veks i dynetraua i sanddynene på Sørvestlandet; begge er sjeldsynte og veksestadene deira er mykje truga av inngrep: dynemarihand D. incarnata subsp. coccinea og purpurmarihand D. majalis subsp. purpurella. Årsaken til at dei stort sett finst i dei same områda kan vere evolusjonær; dynemarihand kan vere ein av foreldra til allotetraploiden purpurmarihand.

Kjenneteikn

Dynemarihand er ein meir grovvaksen plante enn grasmarihand, der akset utgjer frå 1/3 til meir enn 1/2 av heile stengellengda med blomestand. Det lengste bladet er frå 0,5 til 1,5 av heile stengellengda med blomestand. Planten er lågvaksen og kompakt med rosa blomar.

Kromosomtal

Dynemarihand er diploid med grunntal x = 20 og kromosomtal 2n = 40.

Økologi og utbreiing

Dynemarihand er berre funnen i dynetrau og fuktige område nær havstrand nokre få stader på Lista (VA Farsund), Jæren (Ro Hå, Klepp og Sola) og i Ro Karmøy. Dette er ein avgrensa del av den norske utbreiinga av arten D. incarnata, men arten har òg førekomstar nordover på Sørvestlandet til Hardanger. Det er noko uvisst kva for rase desse høyrer til. Utbreiinga til dynemarihand er elles begrensa til Nordvest-Europa der ho, utanom Noreg, er funnen i Danmark, Nederland og på Dei britiske øyane, sjå Pedersen og Faudholdt (2010) og “Plants of the World Online”.

Kommentarar

Hos Lid og Lid (2005) blir plantane av engmarihand i sanddyneområda på Sørvestlandet kommenterte som høyrande til kanskje to ulike rasar: subsp. coccinea og subsp. lobelii (Verm.) H.Æ.Pedersen. “Plants of the World Online” reknar desse to namna som synonym, og det trur me no at dei er; “coccinea”-namnet er bygd på britiske plantar, “lobelii”-namnet på hollandske plantar, og “coccinea”-namnet har prioritet både som varietet og som underart.

Forvekslingar

Sjå òg arten. Dynemarihand skil seg frå den andre underarten, grasmarihand subsp. incarnata, i at dynemarihand er meir grovvaksen og kompakt, med blomestand som utgjer 1/3 eller meir av heile stengellengda med blomestand, og der dei lengste blada utgjer 1/2 til 1 1/2 av heile stengellengda med blomestand. Grasmarihand er meir grannvaksen og med blomestand som utgjer opptil 1/3 av heile stengellengda med blomestand, og der dei lengste blada oftast utgjer mindre enn 1/2 av heile stengellengda med blomestand.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Lid J og Lid DT (2005). Norsk flora. 7. utg. ved R Elven. Det Norske Samlaget, Oslo. 1230 s.

Pedersen HÆ og Faurholdt N (2010). Danmarks vilde orkidéer. Gyldendal, København. 320 s.

Plants of the World Online. Royal Botanic Gardens Kew. http://powo.science.kew.org/. Lasta ned 16/11/2021.

Siter nettsida som:

Elven R. Dynemarihand Dactylorhiza incarnata subsp. coccinea (Pugsley) Soó. www.artsdatabanken.no/Pages/325516. Lasta ned <dag/månad/år>.