Lappmarihand er ein attraktiv fargeklatt i floraen på baserike myrar i høgtliggjande strøk, med sine purpurraude, nokså store blomar. Den staden der mange har sett denne planten, er i naturreservatet Sølendet ved Aursunden i ST Røros, der han veks i stor mengd, men han er ikkje sjeldsynt i andre fjellstrøk heller.

Kjenneteikn

Lappmarihand er nokså grannvaksen. Års- og fjorårsknoll sit oftast i om lag same høgda, og knollane er nokså små. Stengelen er nokså grann, ikkje heilt stiv og noko kantete, og oftast med nokså få blad (sjeldan så mange som fem). Blada er tynne, spreiddstilte og utbøygde, elliptiske til avlange og mindre enn fire gonger så lange som breie, og alltid med store, mørke flekkar på oversida. Dei nedre og mest velutvikla blada er breiast kring midten. Akset er nokså grissent og fåbloma. Blomane er purpurraude. Leppa er tydeleg treflika med ein lang midtflik som oftast utgjer meir enn 1/4 av heile lengda på leppa og som er tydeleg lengre enn sideflikane. Sideflikane på leppa er tydeleg nedbøygde.

Dei djupt delte rotknollane kjenneteiknar lappmarihand, som alle andre artar av Dactylorhiza.

Me gjer merksam på at dette er individ samla inn til bruk i museumsherbarium.

Blada hos lappmarihand, som hos andre rasar av arten D. majalis, er breiast kring midten, og hos lappmarihand er dei alltid flekka på oversida, men bleikare og utan flekkar på undersida.

Blomestanden hos lappmarihand er oftast noko meir fåbloma enn hos engmarihand, men med større blomar.

Alle dei større blada sit oppover stengelen, berre med reduserte, slireforma blad nedst på stengelen.

Kromosomtal

Lappmarihand er tetraploid med grunntal x = 20 og kromosomtal 2n = 80. Teljingar er gjorde på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Lappmarihand er berre funnen i rikmyr og i vekselfuktig, baserik hei (i kyststrøk nordpå). Planten veks på fastmatte i myrane, sjeldan på mjukmatte (ein skilnad mot smalmarihand). Han er spreidd til lokalt hyppig i åstrakter, fjellskog og til litt opp i snaufjellet, frå He Trysil og Rendalen, Op Vestre Toten, Bu Ringerike og MR Surnadal og Smøla nord til Fi Alta (og kanskje Porsanger). Han er funnen opp til 1000 moh. på Dovrefjell (i Op Dovre), om lag i skoggrensa. I vår tyding av rasen er han, utanom Skandinavia, berre kjent frå nokre få stader i Alpane og frå Skottland, men sjå kommentaren nedanfor.

Kommentarar

Tidlegare rekna ein med to artar i Skandinavia: fjellmarihand D. pseudocordigera i sør og lappmarihand D. lapponica i nord. Det er truleg ikkje mogeleg å halde dei konsekvent frå kvarandre, og dei siste tiåra har ein slått dei saman til éin art (som D. lapponica) eller underart (som her). Det som er uklårt, er kor vidt ein skal avgrensa underarten. I “Plants of the World Online” slår dei ei mengd andre namn og taksa inn under namnet subsp. lapponica, noko som gjer at rasen blir utbreidd over om lag heile Europa og inn i Vest-Sibir. Mellom anna blir alle namn med “traunsteineri” rekna som synonym med “lapponica” (sjå under smalmarihand). Vi trur ikkje at denne breie avgrensinga er riktig, sjå Hedrén mfl. (2001).

På Jæren og nokre stader på Vestlandet er det funne nokre plantar som liknar på lappmarihand, men som førebels ikkje er utgreidde.

Forvekslingar

Sjå òg arten. Lappmarihand skil seg frå dei andre rasane av kongsmarihand i fleire karakterar. Frå purpurmarihand skil han seg i at det er mykje færre blad som sit meir spreidde oppover stengelen (mange og grunnstilte hos purpurmarihand), i at blada alltid har nokså store flekkar på oversida, og i at leppa er tydeleg treflika. Frå smalmarihand skil han seg i at blada er mykje breiare, aldri meir enn fire gonger så lange som breie (smale og meir enn fire gonger så lange som breie hos smalmarihand), og at dei alltid har nokså store flekkar på oversida.

Kjelder

Brandrud MK, Baar J, Lorenzo MT, Athanasiades A, Bateman RM, Chase MW, Hedrén M og Paun O (2020). Phylogenomic relationships of diploids and the origins of allotetraploids in Dactylorhiza (Orchidaceae). Systematic Biology 69: 91–109.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Hedrén M, Fay MF og Chase MW (2001). Amplified fragment length polymorphisms (AFLP) reveal details of polyploid evolution in Dactylorhiza (Orchidaceae). American Journal of Botany 88: 1868–1880.

Mossberg B og Stenberg L (2018). Nordens flora. Bonnier Fakta, Stockholm. 976s.

Plants of the World Online. Royal Botanic Gardens Kew. http://powo.science.kew.org/. Lasta ned 16/11/2021.

Siter nettsida som:

Elven R. Lappmarihand Dactylorhiza majalis subsp. lapponica (Laest. ex Hartm.) H.Sund. www.artsdatabanken.no/Pages/325519. Lasta ned <dag/månad/år>.