Smågrønkurle er den rasen ein finn over storparten av landet og den som er velkjent for storparten av botanisk interesserte fjellvandrarar.

Smågrønkurle er ein av Noregs mest vanlege orkidéar, her i Grimsdalen i Dovre.

Kjenneteikn

Smågrønkurle er nokså grannvaksen. Stengelen har berre to eller tre spreiddstilte blad som er 1–2,5 cm breie og opprette til utbøygde. Akset er nokså grissent og smalt.

Knollen er djupt flika, som hos andre Dactylorhiza-artar. Her ser ein òg dei slireforma nedste blada på stengelen.

Me gjer merksam på at dette er individ samla inn til bruk i museumsherbarium.

Leppa er jamsmal, hengande og treflika med ein svært kort midtflik og to lengre sideflikar. Dei andre blomeblada formar ein hjelm over leppa.

Kromosomtal

Smågrønkurle er diploid med grunntal x = 20 og kromosomtal 2n = 40. Teljingar er gjorde på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Smågrønkurle veks på meir eller mindre baserik grunn i myr, skog (særleg fjellbjørkeskog), i frisk beitemark og slåtteeng og i kyst- og fjellheiar, nordover òg på etablerte sanddyner. Underarten er utbreidd over store delar av landet nordover frå Setesdal (AA Valle) og Ryfylke (Ro Hjelmeland) og er vanleg i fjellstrøk og nordpå, men sjeldsynt eller manglar i låglandet sørpå mellom Akershus og Rogaland. Han er òg sjeldsynt i ytre delar av Hordaland og Sogn og Fjordane. I fjellet går han høgt, opp til øvre delen av det mellomalpine beltet, og er funnen opp til 1740 moh. i Jotunheimen (i Op Lom og SF Luster). Han er vidt utbreidd i storparten av Europa nord til Finnmark og Nord-Russland og sør til fjella kring Middelhavet, og i Asia sør til Himalaya, men han er erstatta av islandsgrønkurle subsp. islandica i delar av Nordvest-Europa. Det er førebels uklårt om han òg førekjem i Nord-Amerika, eller om alt amerikansk materiale høyrer til subsp. bracteata (sjå under arten).

Kommentarar

Sjå òg arten. Låglandsplantane på Søraustlandet er nokså storvaksne (ofte 20–30 cm), men granne, med nokså lange, opprette blad og med nokså lange, grisne og fåbloma aks. Dei er nokså ulike fjellplantane som er småvaksne med korte, utbøygde blad og kortare og tettare aks. Dei siste har vore kalla Coeloglossum viride var. islandicum, men namnet “islandicum” høyrer til ein annan underart og er feilanvendt for desse. Førebels held vi begge desse gruppene eller rasane innanfor subsp. viridis. Medan fjellplantane er vanlege og ikkje i markert tilbakegang, var låglandsplantane knytta til tradisjonelt skjøtta kulturmark og er om lag borte.

Forvekslingar

Smågrønkurle liknar berre på islandsgrønkurle, men skil seg i at han er ein mykje grannare plante med berre to eller tre blad som ikkje er tettstilte, og eit mykje grannare og meir grissent aks.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Sheviak CJ og Catling PM (2002). Coeloglossum Hartman. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America North of Mexico 26: 580.

Siter nettsida som:

Elven R. Smågrønkurle Dactylorhiza viridis subsp. viridis. www.artsdatabanken.no/Pages/325523. Lasta ned <dag/månad/år>.