Plantane av grønkurle på Jæren er mykje meir kompakte enn elles i Noreg. Dei høyrer til islandsgrønkurle. Her på Orresanda i Klepp.

Det er eit gap i utbreiinga mellom grønkurla i fjellet i Ryfylke og nokre kystførekomstar på Jæren. Plantane på Jæren ser òg annleis ut enn dei i fjellet. Dei knyter seg nærare til plantane på Dei britiske øyane og Island og høyrer til eit plantegeografisk “Nordsjø”-element. Underarten byggjer på Lindleys Peristylus islandicus, og typen er frå Island.

Kjenneteikn

Islandsgrønkurle er mykje meir grovvaksen enn smågrønkurle. Stengelen har oftast fleire enn tre blad, og dei er tettstilte nedst på stengelen. Dei er oftast meir enn 2 cm breie og sterkt utbøygde. Akset er tett, breitt og mangebloma.

Blada hos islandsgrønkurle er mykje breiare enn hos smågrønkurle og er samla ved grunnen av stengelen.

Akset hos islandsgrønkurle er mykje meir blomerikt og tettare enn hos smågrønkurle, men blomane er nokså like.

Kromosomtal

Islandsgrønkurle er diploid med grunntal x = 20 (21) og kromosomtal 2n = 40 (42).

Økologi og utbreiing

Islandsgrønkurle er berre funnen i friske eller sesongfuktige søkk i sanddyneeng på Jæren. Planten er svært sjeldsynt i Noreg, berre funnen i Ro Hå og Klepp, og med hovudførekomsten på Orresanden i Klepp. Sjå Lundberg (2019). Utbreiinga elles er avgrensa til Dei britiske øyane og Island.

Kommentarar

Sjå arten.

Forvekslingar

Islandsgrønkurle liknar berre på smågrønkurle, men skil seg i at han er ein mykje grøvre plante med meir enn tre blad på kvar stengel, og blada er mykje meir tettstilte enn hos smågrønkurle. Akset er òg mykje tettare, breiare og meir mangebloma.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s

Lundberg A (2019). Islandsgrønkurle Coeloglossum viride subsp. islandicum i Noreg – utbreiing, økologi og tilstand. Blyttia 77: 169–178.

Siter nettsida som:

Elven R. Islandsgrønkurle Dactylorhiza viridis subsp. islandica (Lindl.). www.artsdatabanken.no/Pages/325524. Lasta ned <dag/månad/år>.