Myggblom veks ute på mjukmatte i ofte farleg blaute myrar, og ein må vere ein botanisk entusiast om ein skal finne han. Slekta har fått sitt namn frå Carl von Linné sitt gods Hammarby i Uppland.

Myggblom fotografert på myr i Skorgedalen i Rauma kommune, Møre og Romsdal.

Kjenneteikn

Myggblom er ein liten (opptil 12 cm høg) og lite synleg myrplante med to runde til litt avlange knollar over kvarandre nede i mosen. Han har ein grann stengel med eit par små, bleikgrøne blad ved grunnen. Blada er elliptiske og har ørsmå yngleknoppar i kanten mot spissen (unikt mellom norske orkidéar). Blomestanden er eit lite, smalt aks med mange, gulgrøne blomar. I blomen er leppa spiss, kortare enn dei andre blomeblada, og ho vender oppover (blomeskaft eller fruktknute er vridd 360°). Pollenet er samla i to pollinium.

Kromosomtal

Myggblom er truleg diploid med grunntal x = 14 og kromosomtal 2n = 28.

Økologi og utbreiing

For om lag 50 år sidan freista professor Rolf Y. Berg å fange inn ein student til å ta hovudfag på pollinering hos myggblom. Studenten skulle liggje på ein plattform i vekevis ute på ei blaut myr for å observere kva for insekt som vitja blomane. Ingen student let seg freiste, truleg mykje på grunn av økologien til myggblomen (og mykje mygg).

Myggblom har ein svært snever økologi. Han veks berre på mjukmatte og stundom lausbotn i jordvassmyrar, og han er lite basekrevjande. Han er spreidd til sjeldsynt i låglandet og dalføra nord til Tr Balsfjord og Tromsø, med nokså talrike funn på Austlandet og i Møre og Trøndelag, men med få funn i Agder og Rogaland. Han går ikkje særleg høgt, men er funnen til 720 moh. i ST Oppdal. Den globale hovudutbreiinga er i Europa, med berre nokre få, spreidde funn elles i tempererte delar av Nord-Asia og Nord-Amerika.

Kommentarar

Det har vore diskutert korleis denne vesle planten blir pollinert, og mygg-pollinering har vore antyda. Truleg skjer hovudparten av formeiringa (eller all formeiring) gjennom dei små yngleknoppane som kan bli spreidde med vatn når myrene blir overfløymde, og kanskje med fugl frå myr til myr.

Forvekslingar

Den einaste andre planten myggblom kan bli forveksla med, er knottblom Malaxis monophyllos, som òg har leppe som vender oppover, men han er ein større plante, utan yngleknoppar i bladspissen, og leppa er her om lag jamlang med dei ytre blomeblada.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Plants of the World Online. Royal Botanic Gardens Kew. http://powo.science.kew.org/. Lasta ned 16/11/2021.

Siter nettsida som:

Elven R. Myggblom Hammarbya paludosa (L.) Kuntze. www.artsdatabanken.no/Pages/312226. Lasta ned <dag/månad/år>.