Flugeblomslekta er spesiell i at blomane imiterer ulike insekt (vepsar og humler) og blir pollinerte ved at hannar av desse insekta freistar å parre seg med dei, av og til fleire gonger på ulike plantar slik at det skjer krosspollinering. Prosessen er kalla pseudokopulasjon (narrepollinering). Dei einskilde artane og rasane er spesialiserte til pollinering frå spesifikke insektartar.

Kjenneteikn

Flugeblom-artane er nokså små plantar med to rotknollar som oftast er avrunda i formen. Blada er elliptiske og samla på nedre delen av stengelen. Blomane sit oftast nokre få saman i ein grissen klase, med små, smale støtteblad og med leppa vendt nedover. Dei tre ytre blomeblada er like og jamstore, oftast bleike eller grøne, og ulike dei indre i farge. Dei to sidestilte indre blomeblada er mindre enn dei ytre, oftast mørke og trådsmale, og dei liknar dei to antennene til insekt. Leppa er hengande og treflika med ein brei og hos nokre artar noko todelt midtflik og smalare sideflikar. Pollenet er samla i to pollinium.

Økologi og utbreiing

Flugeblom-artane er knytta til grasmark, myr og skog, oftast baserikt. Utbreiinga omfattar det meste av Europa, Middelhavsområdet og sør til Kanariøyane, og i Vest-Asia aust til Turkmenistan, med eit klårt tyngdepunkt kring Middelhavet. Fleire av artane er ekstremt formrike, og det oppgjevne artstalet varierar frå ca. 10 til ca. 130. Kews “Plants of the World online” aksepterer 33 artar (102 taksa dersom ein tel både artar og underartar). Berre éin art er kjent frå Norden og Noreg: flugeblom O. insectifera.

Kommentarar

Utsjånaden er ikkje det einaste som gjer at insekt søkar opp desse blomane. Oftast blir hannane klekte ei god stund før hoene, slik at flugeblomane utnyttar denne perioden når ingen hoer er tilgjengelege. I tillegg skil blomane ut stoff, artsspesifikke allomon, som simulerer dei artsspesifikke feromona som trekkjer insekthannane til hoene (sjå Ayasse 2007). Ei god oversikt over flugeblom-artane i Europa er Pedersen og Faurholdt (2007).

Kjelder

Ayasse M (2007). Chemical mimicry in sexually deceptive orchids of the genus Ophrys. Phyton 46: 221–223.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Pedersen HÆ og Faurholdt N (2007). Ophrys, the Bee-orchids of Europe. Kew Publishing, Kew. 297 s.

Plants of the World Online. Royal Botanic Gardens Kew. http://powo.science.kew.org/. Lasta ned 15/11/2021.

Siter nettsida som:

Elven R. Flugeblomslekta Ophrys L. www.artsdatabanken.no/Pages/325513. Lasta ned <dag/månad/år>.