Hos oss og i Europa har vi berre éin art av knerotslekta, men på verdsbasis er ho ei stor og svært vidt utbreidd slekt, hovudsakleg skogplantar. Eit kjenneteikn på mange av artane er at dei har tydelege nervar og ofte lysare flekkar på blada.

Kjenneteikn

Sjå arten.

Økologi og utbreiing

Knerot-artane er oftast skogplantar, og dei er mindre knytta til baserik grunn enn mange andre orkidéar. Oftast veks dei i moserik skog med mykje mykorrhiza-soppar av di dei er sterkt avhengige av samlivet med sopp. Dei har noko klorofyll, og det går nok næringsstoffar begge vegar mellom plante og sopp. På verdsbasis er slekta nokså stor, med 96 no aksepterte artar (“Plants og the World Online”) og utbreidde i alle tempererte og boreale strøk på den nordlege halvkula, og dessutan sør til Mellom-Amerika, over frå Asia til Nordaust-Australia (Queensland), og noko isolert i Mosambik og Madagaskar i Søraust-Afrika.

Forvekslingar

Dei håra blomane og den bleikgrøne fargen på blad og stenglar skil knerot-artane frå alle andre norske orkidéar.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Plants of the World Online. Royal Botanic Gardens Kew. http://powo.science.kew.org/. Lasta ned 13/11/2021.

Siter nettsida som:

Elven R. Knerotslekta Goodyera R.Br. www.artsdatabanken.no/Pages/325538. Lasta ned <dag/månad/år>.