Denne beskjedne, gulbrune planten utan klorofyll gjer kanskje ikkje så mykje av seg. Men om du grev han opp, ser du ein merkeleg korallforma og greina jordstengel utan røter. Det er i denne jordstengelen at samlivet med soppen skjer, det som held korallrota i live. Korallrot blir rekna som ein saprofytt, men er kanskje heller ein parasitt på soppen. Soppen får ikkje noko attende frå samlivet, trur vi. Berre éin art er kjent frå Europa og Noreg: korallrot Corallorhiza trifida.

Kjenneteikn

Alle artane av slekta er utan klorofyll, med bleikbrune eller raudlege stenglar og berre skjelforma blad. Blomane er nokså små, men ofte med farga leppe. Sjå elles arten.

Økologi og utbreiing

Artane er oftast knytta til mose- og sopprik, frisk eller noko fuktig skog. Dei er ikkje så basekrevjande som mange andre orkidéar. Slekta har 11 no aksepterte artar (“Plants of the World Online”). Dei er utbreidde i alle tempererte og boreale strøk på den nordlege halvkula, sør til Mellom-Amerika, Middelhavet og Himalaya.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Plants of the World Online. Royal Botanic Gardens Kew. http://powo.science.kew.org/. Lasta ned 14/11/2021.

Siter nettsida som:

Elven R. Korallrotslekta Corallorhiza Ruppius ex Gagnebin. www.artsdatabanken.no/Pages/325539. Lasta ned <dag/månad/år>.