Flangreslekta er ikkje stor i Noreg, men to av dei tre artane er mellom dei meir vanlege plantane vi finn ute i skogen. Dei har horisontal eller oppstigande, greina jordstengel, og dei veks difor ofte i mindre eller større klonar. Om vi finn ein stengel av ein flangreplante, finn vi oftast fleire andre i nærleiken.

Kjenneteikn

Flangre-artane er nokså storvaksne plantar med horisontal eller oppstigande, greina jordstengel. Dei veks difor oftast klyngevis i mindre eller større klonar. Stenglane er opprette med mange blad, dei øvre blada gjerne større enn dei nede på stengelen. Bladgrunnen når noko kring stengelen. Blomane er kortskafta og sit i ein open, einsidig klase, dei vender alle til same side i klasen. Med unnatak for leppa er blomeblada nokså like. Leppa vender nedover og er stor og karakteristisk innknipen på eller innanfor midten, slik at det ser ut som om ho har to ledd. Blomane er utan spore. Pollenet er samla i to pollinium.

Dei einsidige blomestanden er eit godt kjenneteikn for flangre-slekta, her raudflangre i Bergsåsen i Snåsa.

Den rare leppa, som har to ledd med ei innsnøring på midten, er òg eit godt slekts-kjenneteikn. Her myrflangre frå Öland.

Økologi og utbreiing

Slekta omfattar skog- og myrplantar, hovudsakleg på baserik grunn, og hovudsakleg i tempererte og subtropiske strøk. I Noreg er dei tre artane vi har, stort sett låglandsplantar, men den eine går òg opp i snaufjellet og langt mot nord. Samanlagt er dei utbreidde i låglandet og dalføra i om lag heile landet nord til Midt-Finnmark. Globalt er slekta utbreidd i storparten av Europa og Asia, i delar av Afrika og i vestlege Nord-Amerika, med 47 no aksepterte artar (“Plants of the World Online”).

Forvekslingar

Flangre-artane liknar ikkje på nokon andre norske plantar. Dei kan vere snarlike skogfrue-artane, men ingen flangre har så reint kvite eller rosa blomar som skogfruene.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Plants of the World Online. Royal Botanic Gardens Kew. http://powo.science.kew.org/. Lasta ned 14/11/2021.

Siter nettsida som:

Elven R. Flangreslekta Epipactis Zinn. www.artsdatabanken.no/Pages/312245. Lasta ned <dag/månad/år>.