Denne småvaksne og fordringslause planten blir lett oversedd. Eigne røynsler er at han oftast blir funnen når ein setter seg ned for å raste. Han er ein av dei mest utbreidde av alle orkidéar i Noreg.

Kjenneteikn

Småtviblad er ei småvaksen og lite synleg urt opptil 20 cm høg, men oftast mindre. Ho har ein horisontal jordstengel, og når ein finn ho, finn ein difor ofte fleire blomeskott saman. Stengelen er tynn, sprø og gulbrun. Midt på stengelen sit det to motsette, hjarteforma blad som oftast er berre 1–2 cm lange. Klasen er kort og fåbloma, med små, brungrøne til brune blomar. Leppa er raudbrun og kløyvd med to spisse, sprikjande flikar.

Småtviblad er ein spinkel og beskjeden plante. Han har to motsette blad litt nedanfor midten av stengelen og ein liten klase med brunlege blomar. Han har krypande jordstengel, slik at han ofte veks i små grupper.

Me gjer merksam på at dette er individ samla inn til bruk i museumsherbarium.

Fruktknuten er breitt eggforma og blir til ein om lag kuleforma kapsel.

Kromosomtal

Småtviblad er diploid med grunntal x = 17 og kromosomtal 2n = 34 (med opptil 10 B-kromosom). Teljingar er gjorde på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Småtviblad er éin av nokså få norske orkidéar som ikkje er knytt til baserik grunn. Arten veks på fuktige, mosegrodde stader i bar- og lauvskog og i lynghei. Han er nokså vanleg i heile landet, berre meir sjeldsynt mellom Lista og Jæren og inne på Finnmarksvidda. I fjellet går han opp i lågalpint belte, funnen opp til 1210 moh. i Hallingdal (i Bu Ål). Den globale utbreiinga omfattar alle tempererte og boreale område på den nordlege halvkula, inkludert Island og Grønland, men det er truleg at plantane kring nordlege Stillehavet høyrer til ein særskild rase, var. nephrophylla (Rydb.).

Forvekslingar

Det er ikkje mogeleg å forveksla denne arten med nokon annan.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Siter nettsida som:

Elven R. Småtviblad Neottia cordata (L.) Rich. www.artsdatabanken.no/Pages/312228. Lasta ned <dag/månad/år>.