Det er uforståeleg for ein vanleg observatør at den klorofyll-lause saprofytten fuglereir i slekta Neottia, med fleire, skruestilte blad, og dei grøne tviblad-artane i slekta Listera, med to motsette blad, skal høyre inn under same slekt. Dei er om lag så ulike som orkidéar kan vere. Men molekylære undersøkingar syner at dei globalt nokså få Neottia-artane nøster seg inn mellom dei mange Listera-artane i ein fylogeni (eit utviklingsdiagram). På grunn av prioritets-kravet må slektsnamnet Neottia frå 1754 gå framfor slektsnamnet Listera frå 1813.

Kjenneteikn

Det om lag einaste som er felles for dei tre norske Neottia-artane, er at leppa er toflika. Her stortviblad frå Stjørdal.

Me gjer merksam på at dette er individ samla inn til bruk i museumsherbarium.

Slekta omfattar plantar med horisontal jordstengel. Stengelen har anten mange, skjelforma blad eller berre to motsette blad. Blomane sit i ein lang klase, er brunlege eller grønlege, har kort, men tydeleg skaft, og er utan spore. Leppa er lang, djupt kløyvd i to flikar og vender nedover. Pollenet er samla i to pollinium.

Økologi og utbreiing

Økologien er so pass ulik hos dei einskilde artane at det er vanskeleg å seie mykje om han. Storparten er skog- eller myrplantar og knytta til noko næringsrik, men ikkje alltid baserik, grunn. Slekta har no 73 aksepterte artar (“Plants of the World Online”) utbreidde over heile den nordlege halvkula sør til subtropane i Nordvest-Afrika og Asia og nord til Arktis i USA, Canada, Grønland og Russland.

Kommentarar

Årsaken til at vi no slår saman fuglereir og tviblad-artane under slektsnamnet Neottia Guett. 1754 (som har prioritet framfor Listera R.Br. 1813), er at molekylære analysar av m.a. Zhou og Jin (2018) syner at dei saprofyttiske Neottia-artane var ei undergruppe innanfor den mykje større slekta Listera. Om ein ville akseptere Neottia som ei slekt, måtte ein splitte opp Listera i fleire, små slekter. Dette er faktisk ikkje så uventa; sterkt reduserte eller spesialtilpassa plantar kan bli svært ulike sine meir ‘normale’ slektningar.

Forvekslingar

Korkje fuglereir eller tviblad-artane kan bli forveksla med andre plantar.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Plants of the World Online. Royal Botanic Gardens Kew. http://powo.science.kew.org/. Lasta ned 12/11/2021.

Zhou T og Jin X-H (2018). Molecular systematics and the evolution of mycoheterotrophy of tribe Neottieae (Orchidaceae, Epidendroideae). PhytoKeys 94: 39–49.

Siter nettsida som:

Elven R. Fuglereirslekta Neottia Guett. www.artsdatabanken.no/Pages/325537. Lasta ned <dag/månad/år>.