Sibirnattfiol er den einaske norske orkidéen som berre veks i nord. Han er òg svært sjeldsynt og mykje omtykt og oppsøkt av botanikarar, sjølv om han ikkje gjer så mykje av seg. Mange har valfarta til fjellet Jávreoaivvit i Nordreisa berre for å sjå denne planten.

Kjenneteikn

Sibirnattfiol er ein liten plante, oftast berre 5–12 cm høg. Han har ikkje eigenlege knollar, men tjukke røter som nok er homologe med knollane i Platanthera-slekta. Stengelen er grann og har oftast berre eitt velutvikla blad som sit nær grunnen. Bladet er elliptisk og omslutta nedst av ei fargelaus slire som er eit redusert, lågaresitjande stengelblad. Akset er smalt og med 3–6 grønkvite blomar. Blomeblada er berre 2–3 mm lange, bortsett frå leppa som er litt lengre, lansettforma og som stikk framover. Sporen er kort, berre halvparten så lang som fruktknuten, og krøkt. Pollenet er samla i to pollinium.

Kromosomtal

Sibirnattfiol er heksaploid med grunntal x = 21 og kromosomtal 2n = 126. Teljingar er gjorde på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Sibirnattfiol er knytta til fuktig hei og grasmark på baserik grunn i fjellet frå noko under til noko over skoggrensa. Arten er eller har vore kjent frå ca. 19 førekomstar spreidde kring i Troms og Finnmark: i Tr Målselv (1 førekomst), Storfjord (2), Kåfjord (2), Nordreisa (ca. 9) og Kvænangen (1), og Fi Alta (1–2) og Porsanger (3). Han er funnen opp til 700 moh. i Tr Nordreisa, og det er i fjella kring Reisadalen at arten har sin europeiske hovudførekomst. Elles er han kjent frå nokre få fjell i Nord-Sverige og frå spreidde stader i Sibir frå Jenisei og austover, med eit enormt gap (ca. 5500 km) mellom delarealet i Nord-Skandinavia og det i Sibir.

Kommentarar

Sjølv om orkidéar har støvfine frø som blir spreidde med vind, kan ikkje denne vesle planten ha spreidd seg i nyare tid mellom dei langt skilde veksestadene i Nord-Europa og Asia. Utbreiinga må vere ein relikt frå ei tidlegare større og meir samanhengande utbreiing.

Dei nordamerikanske og eurasiatiske plantane blir ofte rekna som to underartar av éin art, som L. obtusata subsp. obtusata og subsp. oligantha. Webb (1980) skriv at: “Plants from E. North America are very distinct from those from Europe and Asia, but intermediates are found in Alaska.” Vi har ikkje sett slike intermediære plantar, korkje i Alaska eller andre stader, og held på at desse to plantane, som skil seg i fleire karakterar, som er geografisk totalt skilde og som ligg på svært ulike kromosomtalsnivå, fyller krava til to separate artar.

Forvekslingar

Sibirnattfiol liknar ikkje så mykje dei to andre norske nattfiolane, i slekta Platanthera, men kanskje meir på kvitkurle Pseudorchis. Han skil seg frå kvitkurle i at han oftast har berre eitt blad, medan kvitkurle har fleire, og i at leppa er smal og heil, medan ho hos kvitkurle er breiast mot enden og treflika.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Gjærevoll O (1990). Platanthera obtusata (Pursh) Lindl. subsp. oligantha (Turcz.) Hultén. I O Gjærevoll (red.), Maps of distribution of Norwegian vascular plants. II. Alpine plants: 88–89 + XXVIIb. Tapir Publishers, Trondheim.

Skrede S, Heggelund I, Johnsen O, Lunde SE, Skrede H og Gaarder G (2018). Om forekomst og trusselbilde for sibirnattfiol Platanthera obtusata subsp. oligantha i Norge. Blyttia 76: 155–165.

Webb DA (1980). Platanthera L. C. M. Richard. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea 5: 331–332.

Siter nettsida som:

Elven R. Sibirnattfiol Lysiella oligantha (Turcz.) Nevski. www.artsdatabanken.no/Pages/312230. Lasta ned <dag/månad/år>.